Ulmatec Pyro cruisa inn godt resultat
ROBOTSVEIS: Ei robotcelle har effektivisert produksjonen ved Ulmatec Pyro i Haram, som kunne levere eit godt resultat for 2018. 
Nytt

Ulmatec Pyro cruisa inn godt resultat

Cruiseskip utgjer no den største marknaden for Haram-bedrifta som har effektivisert produksjonen med robotsveising.

Marius Rosbach
26.04.2019
Ulmatec Pyro leverte eit godt resultat i fjor, etter at 2017 vart eit litt magert år med tanke på inntening.
Bedrifta som held til ved Søvika i Haram, fekk ein omsetnad på knappe 57 millionar kroner og eit resultat før skatt på 8,2 millionar kroner.
Tala frå rekneskapen som nyleg er levert til Brønnøysundregistera, viser at driftsmarginen enda på meir enn 14 prosent i 2018.
– Inntektene er framleis ikkje som dei var på topp før oljekrisa slo inn, medgir dagleg leiar Palmar Bjørnøy til NETT NO.
Han kan likevel seie seg godt nøgd med lønnsemda. Sjølv om inntektene gjekk noko ned i fjor, er overskottet om lag ei dobling frå året før. Selskapet har solid eigenkapital og det vart teke utbytte på fire millionar.

Cruise største marknad

Selskapet er del av Ulmatec-konsernet og lagar system for smart energiutnytting og oppvarming til skip og riggar.
– Offshore er borte vekk etter at dei slutta å bygge båtar. No er det mindre cruiseskip som utgjer den største marknaden for oss, fortel Bjørnøy.
Dei leverer også systema sine til mindre båtar, i tillegg til at det er nokre ombyggingsprosjekt på eksisterande fartøy.

Meir effektivt med robot

Foran fjoråret ved fabrikken på Gamlem.
– Den har rasjonalisert produksjonen av mange av våre produkt, fortel Bjørnøy.
Planane for ny fabrikk er førebels lagt på is, og selskapet nøyer seg med å bygge på lageret med om lag 260 kvadratmeter.
– Vi har ikkje skrinlagt planane for ny fabrikk, men ventar litt. Vi har kjøpt grunnen og fylt ut i sjøen, så alt er klart til å sette opp bygget, påpeiker han.
Les meir:
Aksjonærane i selskapet er Ulstein Marine Technology (Ulmatec) og Pyrofabrikken der Palmar Svenn Bjørnøy, André Bjørnøy og Ove Arild Bjørnøy eig om lag ein tredel kvar.
Ulmatec Pyro hadde i fjor 37 tilsette, og av desse var det ni kvinner, ifølgje årsberetninga.
Vi har ikkje skrinlagt planane for ny fabrikk, men ventar litt

Publisert: 26.04.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34