Nordnes byggjer paa Kleven Ein stor dag for oss
OMBYGGING: Fiskefartøyet på veg inn i stålhallen på Kleven. Innfelt frå venstre: Medeigar og teknisk ansvarleg Geir Asle Aarseth, medeigar og dagleg leiar Tormund Grimstad, teknisk inspektør Mads Andreassen og teknisk sjef Chris Giske Remøy. 
Nytt

Nordnes byggjer på Kleven: – Ein stor dag for oss

Reiarlaget frå Giske var overtydd om at dei måtte utanlands for å få bygd om «Nye Nordbas». Etter at dei oppdaga kva Kleven var i stand til, er ei omfattande ombygging i gong på det lokale verftet.

Marius Rosbach
21.09.2019

Nordnes-reiarlaget med dei tre fiskefartøya MS Nordstar, MS Nordbas og MS Vollerosa, måtte fredag finne seg i å kome i skuggen av nyheita om at Kleven-verftet var berga. Men det er all grunn til å sjå nærare på kva reiarlaget som held til på Gjøsundet, har under bygging i stålhallane på Kleven.

– Dette er ein stor dag for oss, påpeika eigar og dagleg leiar Tormund Grimstad då pressa møtte på Kleven for å høyre om korleis verftet hadde funne ein veg ut av det økonomiske uføre dei har hamna i.

Blei med å berge verftet
Reiarlaget er den første kunden til «Nye Kleven» med ei storstilt ombygging av fiskefartøyet «Nordbas».

nettnohalf

– Vi var overtydd om at vi måtte ut av landet for å få gjort denne jobben. Men så endra ting seg i utlandet, samtidig som ting endra seg her heime. Så var det folk med innsyn i vårt prosjekt som fortalde om stålkapasiteten ved Kleven, som vi ikkje var kjent med, seier Grimstad til NETT NO.

Les også: Første kontrakt for Nye Kleven

Dei legg ikkje skjul på at det er ekstra stas å få gjere jobben på heimebane – og samtidig vere med på å berge det tradisjonsrike verftet.

– Å få dra heim igjen, er «fole svært» for oss og vi synest det er stort å få bidra, seier han.

Les også: Bankane berga Kleven verft

Nordnes satsar på ungdommen

Grimstad understrekar at både Nordnes og fiskeflåten elles i den maritime klynga, er avhengig av å halde ei bedrift som Kleven i live. Han fortel at dei har hatt eit avslappa forhold til den vanskelege situasjonen Kleven har vore i, når det gjeld risiko for eige prosjekt.

Stor batteripakke
Ombygginga er allereie i full gong ved verftet og fredag kunne dei vise fram dei nye skrogseksjonane under arbeid. Akterenden skal forlengjast slik at fiskebåten blir drygt 60 meter lang og meir enn ti meter brei.

nettnohalf

Om bord kjem ei solid batteripakke på 1600 kilowattimar. Det er første gong for Kleven at dei installerer batteripakke om bord på ein fiskebåt, men dei har god erfaring frå tilsvarande teknologi på hurtigruteskipa.

Grimstad forklarar at fiskefartøyet driv ein kombinasjon av fiske med svært ulikt energibehov. Snurrevad krev lite energi, medan reketråling krev mykje energi.

– Då må vi ha kontroll på energibruken, seier han.

Kan spare mykje drivstoff
Teknisk sjef Chris Giske Remøy fortel at dei kan nytte batteripakka til å «ta toppane» i energibehovet, men at det også gir fleire moglegheiter for å spare drivstoffutslepp.

nettnohalf

– På ein trålar slepp vi ut trål som vi dreg etter båten, og på veg ut genererer det mykje energi, som vi med elektriske vinsjar kan generere inn på batteria. Det blir om lag på same vis som når ein bremsar på ein Tesla, som vi no kan gjere om bord her, forklarar han.

Reiarlaget har valt å ha ein liten og ein større motor om bord, saman med ein generator – eller AUX-motor - som leverer energi frå batteria. Det skal gi full kontroll over kor mykje energi som nyttast til ein kvar tid.

Forebels er dei forsiktige med å slå fast kor mykje drivstoff dei kan spare, men Grimstad har tru på at det kan dreie seg om så mykje som ein firedel.

Leverast neste sommar
I tillegg til nye motorar og nytt maskinrom, blir det nytt overbygg, ny fabrikk og elektriske vinsjar om bord. Kleven og Nordnes roser kvarandre for ei fleksibel haldning i arbeidet, og dei har brukt mange timar på å diskutere tekniske løysingar over bordet.

– Eg meiner det ikkje er eit verft i heile Norge som har ein slik kapasitet som Kleven, seier Grimstad og trur det er eit stort potensiale i marknaden på ombygging for verftet.

No er reiarlaget innkvartert i eige prosjektkontor på verftet der dei skal ha eigne folk på plass til levering neste sommar.

Les også: Kring 80 Kleven-tilsette blir råka

Lokale og internasjonale investorar interesserte i Kleven


Eg meiner det ikkje er eit verft i heile Norge som har ein slik kapasitet som Kleven

Publisert: 21.09.2019 05:54

Sist oppdatert: 29.01.2022 12:34