Satsar paa ungdommen
FRAMTIDA: - Det er eventyrlege utsikter innan fiskeri og posisjonen vi har skaffa oss synest vi er god. Men vi må ikkje la oss rive med og investere kortsiktig – vi ønskjer å tenke langsiktig i alt vi gjer, seier Tormund (til v.) og sonen Mats Grimstad i Nordnes-reiarlaget. I tillegg er Geir Asle Aarseth med på eigarsida. 
Nytt

Satsar på ungdommen

Nordnes-reiarlaget brenn for opplæring og kompetanseheving i fiskerinæringa.

Kristin Vidhammer
31.12.2017
- Å satse på ungdommen står i høgsetet og er avgjerande for framtidas fiskeri, seier Tormund og Mats Grimstad i Nordnes-reiarlaget.
Nordnes Gruppen held til på Gjøsundneset på Valderøya og består av fleire selskap, men hovudaktiviteten ligg i morselskapet Nordnes as, som eig og driv tre heileigde fiskefarty.
I fjor hadde dei ca. 150 millionar kroner i driftsinntekter i dette selskapet. Det er Tormund Grimstad og Geir Asle Aarseth som eig selskapet med hhv. 77 og 23 prosent.

Har vore plaga av god arbeidslyst

Nordnes er eit av dei få førstegenerasjonsreiarlaga i havfiskeflåten som er igjen i regionen, men i kystfiskeflåten er det nokre fleire.

- Reiarlaget vart starta utan arv – verken av kapital eller haldningar. Eigenkapitalen eg kunne ha arva rauk med til kollekt, så reiarlaget vart bokstaveleg talt starta med to tomme hender. Men sidan har vi ekspandert, seier Tormund Grimstad.
- Vi har vore plaga med ei god arbeidslyst – all ære til familien. Utfordringane er mange og vi konkurrerer stort sett mot arvingar i 2-5. generasjons-reiarlag, seier dei.
No er den neste generasjonen på veg inn i reiarlaget. Blant anna er to av Tormunds tre søner aktive i selskapet, den tredje er enno for ung. Sonen Mats er skipper på «Nordstar» og jobbar i administrasjonen når han er heime frå fiske. Tormund er skipper og dagleg leiar, medan Geir Asle Aarseth er skippar og leiar av teknisk avdeling.
- Men alle gjer alt, seier dei.

Har bygd stein på stein

Tormund Grimstad etablerte selskapet i lag med Roaldsnes as v/Tore Roaldsnes i 1998. Det starta med trålaren MS Nordnes, som då vart kjøpt ut frå Roaldsnes as.
- Eg kjøpte MS Nordnes til det som den gongen var ein overpris, men eg måtte ta imot det eg vart tilbydd. Sett i ettertid var nok denne overprisen saleggjerande for Roaldsnes-reiarlaget, og slik sett lever vi godt med den handelen, seier Grimstad.
Eitt år seinare kom Geir Asle Aarseth kom inn på eigarsida, medan Roaldsnes as gjekk ut.
Dei har vore opptatt av å byggje stein på stein, vere innovative og køyre mange FoU-prosjekt.
- Vi har trakka først, det vere seg innan reiskap, fabrikkløysingar og utnytting av restråstoff. Vi er det einaste reiarlaget i regionen ved sidan av Ervik Havfiske som per dags dato har fått til 100 prosent utnytting av restråstoffet, seier dei.

Opptatt av innovasjon og Fou

Det er på trålaren «Nordstar» at dei har investert i eit heilautomatisk ensileringsanlegg.
- Det er knapt nok blodvatnet som ikkje blir utnytta. Vi har satsa tungt på dette og har tent pengar på det frå dag ein. Vi har også vald å vere opne og dele kunnskap, og Havfisk har no kome etter oss og vel vår løysing.
Dei sit også med to 5-årige forskingsløyver knytt til utviklinga av mesopelagiske fiskeri, som ein av to aktørar.
- Det betyr at vi har tillit. Vi har halde på med det i seks-sju år, vi prøvar og feilar. Det går sakte framover, men vi investerer tungt i det. Det er eit stort potensial, men det er ein veg å gå, seier dei.

Framtidas trålar – frå 1979?

Dei har konsesjonsgrunnlag til fem farty med stort og smått. Dei driv innan trål og snurrevad og har konsesjonar for kvitfisk, reker, Nordsjøtrålkonsesjon og nokre pelagiske rettar.
Dei har sjølvsagt lyst på nybygg, men ikkje for ein kvar pris. Dei har no kjøpt trålaren «Sigurdbjørg» frå 1979 for å teste og avdekke korleis dei bør satse framover og korleis ein bør bygge nytt.
- Vi meiner at båtar som blir bygde i dag, ikkje er nok framtidsretta. Derfor vil vi no samle all innovasjon vi har gjort gjennom desse åra, i tillegg til det som andre har fått til, på same kjøl. Vi meiner vi kan klare å knekke koden både for nye reiskap, nye produkt og nye energiløysingar. Det vil vi no teste ut på «Sigurdbjørg» - og til ein risiko vi kan bere. Framtidas trålar kan altså vere bygd i 1979, seier dei.

Brenn for opplæring og kompetanseheving i næringa

Nordnes har eit stort fokus på utdanning og opplæring og er også med på fleire prosjekt retta mot å auke og formalisere kunnskapen til fiskarar.
Det største prosjektet er Bryggen Opplæringssenter på Roald på Vigra, som dei leiger ut til Marint Kompetansesenter. Alle fagprøver i fiske og fangst har blitt gjennomført her dei siste åra og det blir også arrangert kurs innan fiskereiskap her. Fartyet «Nordbas» er også tilknytt opplæringssenteret for å kunne gje opplæring i trål, snurrevad og generelt sjømannskap.
Trålbasen, som har ansvaret for alt reiskap om bord, er den viktigaste personen om bord. Utan ein god trålbas, ingen god skipper.
- Opplæringa inn mot trålbasfaget er ei skam og der alle pratar, men ingen gjer noko. Næringa er tom for denne kompetansen og vi er på eit kritisk nivå i forhold til rekruttering i dette faget. Offshorereiarlaga har stelt mange dyktige fagfolk innan fiskeri, og med offentleg støtte gjennom nettolønsordninga. No hastar det med å byggje opp kompetansen på nytt.

Gevinsten er kompetente fagfolk i framtida

Dei har difor laga «Nordbas» til eit forskings- og opplæringsfarty - på eigne fiskekvotar. I samband med opplæringssenteret, har dei også bygd eit hybelhus for å kunne ha kapasitet til å ta imot skuleklassar frå heile landet.
- Vi vil gjerne vise veg. Vi har utvikla eit komplett opplæringssenter gjennom Bryggen, der alle lærlingar i fiske og fangst kan ta fagprøva.
Dei sit også i styringsgrupper og arbeidsgrupper ilag med Havfisk og Strand-reiarlaga, for å finne ut korleis ein bør formalisere kunnskap om fiskereiskap og kvalitet på fisk.
- Det skal ende i ei sertifisering av dekks- og fabrikkpersonell. Desse satsingane har vi gjort utan støttemidlar, men vi håper vi får det igjen i form av kompetente fagfolk. Å satse på ungdommen står i høgsetet og er avgjerande for framtidas fiskeri. Vi håpar difor at resten av næringa kjenner si besøkelsestid og støttar Marint Kompetansesenter.
Nordnes har også heile tida sett på inntak av lærlingar som eit stort og viktig ansvar, og har tatt inn fleire og fleire lærlingar etter kvart som reiarlaget har ekspandert. Dei er også engasjert i Ungt Entreprenørskap, ein ideell organisasjon som i sampel med utdanningssystemet, næringslivet og andre jobbar for å utvikle barn og unges kreativitet og skaparglede.
- Det er viktig å bygge, trygge og skape – det har både Geir Asle og eg meint har vore viktig. Dette ser vi at neste generasjon også er opptekne av, seier Tormund.

Ser gode utsikter framover

Dei meiner at utsiktene i fiskeri og for Nordnes er gode.
- Det er eventyrlege utsikter innan fiskeri og posisjonen vi har skaffa oss synest vi er god. Men vi må ikkje la oss rive med og investere kortsiktig – vi ønskjer å tenke langsiktig i alt vi gjer.
Men dei meiner det er eit bekymringsfullt høgt prisnivå på fiskerettar no.
- Det har vore ein galopp på kvotepakkar av alle storleikar, både innan kyst og hav. Det er knapt samsvar mellom kvoteprisane og innteningsmoglegheitene og det byrjar å bli vanskeleg å rekne heim store investeringar i kvotar.

Eit tøft tiår i fiskeri då berre entusiastane i fiskeri som heldt ut

Hovudgrunnlaget deira er sei.
- Dei siste tre åra har resultata i Nordnes vore heilt ok, men det går i bølgjedalar. Prisen på sei er ganske langt nede no, men det er fortsatt berekraftig.
Medan dei fleste innan fiskeri opplever gode og svært gode tider no, var det ikkje slik frå 2004 og dei påfølgjande ti åra.
- Det var ein utruleg utakknemleg periode. Då var det kun entusiastane som heldt ut, men denne uthaldenheita får vi betalt for no.
- Frå 2004 og dei påfølgjande ti åra var det berre entusiastane innan fiskeri som heldt ut

Publisert: 31.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16