Nofence tilbake paa sporet etter katastrofeaar
VER OPNE: – Å fortelje om kva dokke driv med, sjølv om ein ikkje er heilt ferdig, er mi anbefaling, sa Nofence-gründer Oscar Hovde Berntsen under Næringsteft-samlinga på NMK onsdag.
Nytt

Nofence tilbake på sporet etter «katastrofeår»

– Det kosta enormt mykje, fortel teknologigründer om tabba som stoppa veksten. No siktar selskapet mot milliardmarknad.  

Marius Rosbach
05.12.2019

Gründer Oscar Hovde Berntsen i Gjemnes-bedrifta Nofence fortalde ærleg om tabbane dei har gjort på vegen til deltakarane i Næringsteft onsdag.

Selskapet lagar klaver til geit, sau og storfe, som skapar virtuelle gjerde for husdyra. Etter at dei i fjor tok sats ut i marknaden oppdaga dei at teknologien rett og slett ikkje fungerte godt nok. Resultatet blei at 2500 einingar måtte kallast tilbake frå kundane.

– Det kosta enormt mykje, men det viktigaste for oss var at kundane var nøgde, fortalde Berntsen.

Siktar mot milliardmarknad
Nofence starta opp i 2011 og har enno til gode å tene pengar. Men Berntsen trur det kjem snart.

– Etter planen skal vi begynne å gjere det i 2021. No skal vi starte på reisa med å skape lønnsemd, sa han.

Dei har nyleg tilsett ny dagleg leiar og henta inn 20 millionar i ein emisjon tidlegare i år. Målet er store globale marknader. Berntsen viste til at det finst 3,7 milliard geit, sau og storfe i verda. Om dei når éin prosent av den marknaden kan gi omsetning på svimlande 12,4 milliardar.

– Vi har veldig trua, sjølv om vi skjønnar at det også blir skikkeleg vanskeleg, erkjente han.

Meir frå Næringsteft-samlinga: Advarer gründere mot å gå i teknologifella

Måtte ha ny antenne
Problemet med den første versjonen av klavane som blei sendt ut, var at antenna var for dårleg.

Berntsen fortalde ope om korleis dei måtte sette alle klutar til i det dei etterpå har omtala som eit «katastrofeår». Til dømes gjekk faren til gründeren til innkjøp av ein CNC-fres for å opne lokka klavane, slik at dei kunne få på plass nytt utstyr.

Trass i utfordringane med å få produktet kommersialisert, angrar dei ikkje vala.

– Vi har greidd å sørge for at dyra held seg innafor eit område, og at kundane er nøgd, fortalde gründeren.

Les også: Pris for bedriftsutvikling til Sunnmørsmat

Landbruksgründer jobbar med England-lansering

Investorbyen Ålesund blomstrer

Publisert: 05.12.2019 11:14

Sist oppdatert: 21.07.2022 13:38

Mer om