Har opplevd reglane som heilt absurde
KONSERTAR IGJEN? Det er truleg ei stund til publikum kan stå slik på konsert, men ei opning for å bruke stolar i staden for fastmonterte seter, kan bety mykje for ein plass som Terminalen, fortel Ante Giskeødegård (innfelt).
Nytt

– Har opplevd reglane som heilt absurde

Momentium-gründer krysser fingrane for regelendring som kan gjere det lønnsamt med konsertar igjen. Samtidig opnar fleire spisestader etter skjenkestoppen.

Marius Rosbach
20.01.2021

Onsdag blei det klart at Ålesund kommune opnar for skjenking av alkohol i samband med matservering. Endringane trår i kraft frå midnatt natt til fredag 22. januar, ifølgje ei pressemelding onsdag.

Ein rekke spisestader og utelivsbedrifter har vore stengt som følgje av den nasjonale skjenkestoppen. No jobbar fleire med å opne att etter at opposisjonen på Stortinget tvinga regjeringa til å snu om skjenkeforbodet.

– Dette er kjempepositivt, og gjer at det er mogleg å ha ope, sjølv om det ikkje nødvendigvis er god business, fortel Momentium-sjef og eigar, Ante Giskeødegård til NETT NO.

Han fortel at serveringsstadene Molo og Bro kjem til å opna så raskt som mogleg, men at dei treng nokre dagar på seg til å bli klare.

– Kan ha kjempestor betydning
Samtidig kan det kome ei anna endring, som gjer at det igjen blir mogleg å arrangere konsertar på plassar som Terminalen Byscene.

Inntil vidare gjeld regelen om at det kan vere 200 personar til stades ved arrangement som har fastmonterte seter.

Kulturminister Abid Raja fortalde til NTB onsdag at Helsedirektoratet skal greie ut om smitterisikoen ved andre typar innretningar, til dømes tilviste sitteplassar.

– Det er veldig interessant, og kan ha kjempestor betydning for ein plass som Terminalen. Denne regelen har vore den store hovudpina for konsertarrangørar. Vi har opplevd reglane som heilt absurde på det punktet, og at dei ikkje heng på greip, seier Giskeødegård til NETT NO.

– Viktig at regelverket heng saman
Terminalen er mellom konsertarrangørane der publikum sitt på stolar som ikkje er fastmontert. Momentium-gründeren meiner det ikkje utgjer ein høgare smitterisiko.

– Det er viktig at regelverket heng saman best mogleg, slik at folk også har respekt for det, legg han til.

Kulturlivet har i hovudsak vore stengt dei siste vekene, men no er det igjen mogleg å arrangere konsertar, teater og andre kulturarrangement – innanfor visse rammer. Føresetnaden er at kvar enkelt kommune sjølv har opna for slike arrangement.

Det betyr at område med høgt smittetrykk, til dømes Oslo, vil vere unntak.

Kan auke talet på publikum vesentleg
Terminalen i Ålesund har følgt oppmodinga om å ikkje arrangere kulturarrangement dei siste vekene. Om det blir opna for å arrangere konsertar med personar sittande på stolar, er situasjonen ein heilt annan.

– På Terminalen har vi ikkje plass til 200 personar når avstandskravet samtidig skal følgast, men det er mogleg å auke talet på publikum vesentleg, fortel Giskeødegård.

Sjølv om dei kanskje kan få plass til 130 personar, betyr det truleg at drifta framleis vil gå med tap, utan ei betre støtteordning for bransjen, påpeiker han.

Dagleg leiar Synnøve Sandnes ved Terminalen fortel at dei framleis saknar forutsigbarheit. Manglande stimuliordning som treffer deira del av bransjen og regelen med «fastmonterte» seter, er dei to store hindra for å drive i augneblinken.

– Dermed må vi halde fram å utsette arrangement og halde på vent alle dei spennande tinga vi har planlagd, opplyser ho til NETT NO.

Ventar med kompensasjonsordning
Kulturminister Abid Raja (V) orienterte tysdag om ei ny stimuleringsordning på 1,1 milliard kroner for kultursektoren, som skal gjelde første halvår. Forslaget blir no sendt på høyring, ifølgje NTB.

Formålet med ordninga er å stimulere til aktivitet i sektoren og hjelpe kulturarrangørar gjennom koronakrisa. Ein del av midlane er meint som stimulering, medan noko skal reknast som kompensasjon. Det sistnemnde vil Raja komme tilbake til. Når det blir, er uvisst.

Les også: Halvering av kinobesøket i fjor

Planlegger ungdomsserie fra Ålesund

Momentium har sikra seg til sommaren 2021

Sirkus bergar seg på alternativ underhalding


Denne regelen har vore den store hovudpina for konsertarrangørar. Vi har opplevd reglane som heilt absurde på det punktet, og at dei ikkje heng på greip

Publisert: 20.01.2021 11:01

Sist oppdatert: 17.06.2021 00:50