Dobling for Metizoft i fjor
HAR LOSNA: Dei siste åra har det losna for verksemda til Metizoft. Gründer Gry Cecilie Sydhagen eig 47 prosent av selskapet. 
Nytt

Dobling for Metizoft i fjor

Etter to år med kraftig vekst, sette reiserestriksjonar ein stoppar for mykje av verksemda.

Marius Rosbach
18.05.2020

Dei siste åra har det losna for verksemda til Metizoft i Herøy, som har spesialisert seg på å dokumentere farleg materiale om bord i skip.

Gründer Gry Cecilie Sydhagen fortel at dei i løpet av fjoråret omorganiserte verksemda. Frå 2019 har dei lagt om til konsernrekneskap med to selskap i Norge og to selskap i Asia.

– Vi er veldig fornøgde med fjoråret. Frå 2018 til 2019 har vi om lag dobla omsetninga på konsernnivå, og bikka 50 millionar, fortel ho til NETT NO.

Også frå 2017 til 2018 hadde Metizoft kraftig vekst. Sidan rekneskapen ikkje er styrebehandla vil ho ikkje gå ut med det eksakte resultatet, men fortel at det er tilfredsstillande og peiker i rett retning.

Reiserestriksjonar
Etter at koronaviruset spreia seg, har dei merka reiserestriksjonar på kroppen og det har vore utfordrande å utføre skipsinspeksjonar som vanleg.

– Vi har mange inspektørar som til vanleg reiser internasjonalt og er naturlegvis vore prega av det. Reisinga har fått drastisk ned. Hjula går rundt, men ikkje med den hastigheita vi ønsker, seier marknadssjef Øyvind Sundgot i Metizoft til NETT NO.

Sundgot fortel samtidig at fleire land no er i ferd med å losne på reiserestriksjonane. Det gjer at dei no får utført inspeksjonar både i store delar av Kina, Sør-Korea og Singapore – og i land som Spania og Portugal.

– I løpet av denne tida har vi også gjort ein del inspeksjonar i Norge. I tillegg har vi eit globalt nettverk av partnarar, som gjer at vi ikkje har vorte så sårbare, seier Sundgot.

Havila-avtale
Ein ny avtale med Havila Shipping om å gjere sokalla IHM-inspeksjonar for alle reiarlaget sine skip, er ei gledeleg nyheit.

nettnohalf

IHM står for Inventory of Hazardous Materials, eller farleg materiale på norsk. I tida framover skal «nabobedrifta» til reiarlaget ha ansvaret for dette arbeidet på dei 23 skipa til Havila.

– Ei nytt EU-regelverk krev at vi oppdaterer dokumentasjonen om bord på alle skipa, seier teknisk inspektør Sveinung Gjelseth i Havila Shipping til NETT NO.

Han påpeikar at gir ein ekstra verdi at Metizoft er ei lokal bedrift og fortel at dei også er den leverandøren i bransjen med lengst erfaring.

EU-reglar gir fleire oppdrag
EU-reglane krev at alle skip som seglar i, eller til og frå EU, må ha sertifikat som dokumenterer eventuelt farleg materiale i skipa. Øyvind Sundgot i Metizoft fortel at det har vore med å auke omsetninga.

– Dei har gitt oss fleire store kundar, både lokalt og internasjonalt, og ei auke i kundar i alle segment, seier han.

I løpet av det siste åra har dei blitt fleire tilsette og til saman er dei no 33 tilsette på Mjølstadneset, i tillegg til nær 20 tilsette i arbeid i Singapore og Kina.

Les også: Kraftig vekst for Metizoft

- Dette har eg venta på i tolv år

Publisert: 18.05.2020 10:05

Sist oppdatert: 11.06.2021 09:04