Kraftig vekst for Metizoft
VEKST: Gründer Gry Cecilie Sydhagen i Herøyselskapet Metizoft nesten dobla inntektene i dei norske selskapa i fjor.
Nytt

Kraftig vekst for Metizoft

Metizoft-selskap nesten dobla inntektene i fjor.

31.07.2019

- Dette har eg venta på i tolv år, sa Metizoftgründer Gry Cecile Sydhagen til NETT NO i august i fjor då selskapet såg at det kom til å få ein kraftig vekst i 2018.

Les også: -Dette har eg venta på i tolv år

Reknskapstala viser at Metizoft og datterselskapet Metizoft Enviro (sjå tabell) nesten dobla inntektene frå 2017 til 2018, til tilsaman 20,5 millionar kroner i fjor.

Miljøovervaking
Metizoft har spesialisert seg på dokumentasjon og overvaking av miljøfarlege materialar og væsker om bord i skip.

Selskapet sysselsette 14 årsverk i fjor, mot 11 året før. I tillegg kjem tilsette ved datterselskap i Asia.

Les meir: Metizoft treng fleire folk

Hovedaksjonær er gründer Gry Cecilie Sydhagen med 47,4 prosent, føre Ole-Reinhart Notø med 17,8 prosent.

Andre aksjonærar er Harald Sydhagen med 10,9 prosent, Øyvind Sundgot med 8,9 prosent, Thomas Dalsøren med 3,6 prosent og Frode Remøy med 2,2 prosent.


Publisert: 31.07.2019 16:16

Sist oppdatert: 19.01.2022 00:23