Store utvidingar paa gang ved Digernes
FLEIRE ÅR MED ARBEID: – Vi har mål om å vere halvferdig med området i årsskiftet 2020/21, og to år etterpå skal alt vere ferdig, seier Oddgeir Svinø (innfelt) om arbeidet som har starta på vestsida av rundkøyringa ved Digernesskiftet. 
Nytt

Store utvidingar på gang ved Digernes

I full gang med å planere 65 mål nytt næringsareal. Og snart kan opptil 150 nye mål vere godkjent.

Marius Rosbach
01.03.2019

Næringsområdet ved Digernes har vekse i rekordfart dei siste ti åra og det er ingenting som tyder på at veksten vert mindre dei komande åra. I dag er det kring 400 mål med næringsareal som er teke i bruk, eller under utvikling.

Les også: No kjem også ingeniørarbeidsplassaner på Digernes

Arbeidet med å gjere klart 65 nye mål med næringsareal i full gang. Og snart kan nye 150 mål vere godkjent.

Starta gravearbeidet
I førre veke starta maskinar frå Svinø Entreprenør arbeidet med å planere området på vestsida av rundkøyringa på Digernesskiftet.

nettnohalf

– Vi har nokon som er interessert i delar av området som driv med sal - men ikkje detaljhandel, fortel Oddgeir Svinø i Svinø Entreprenør til NETT NO.

Scania held til på den delen av området nærast der gravemaskinane no er i gong med utgraving av terrenget.

Nordaust for Scania vert det planert ut eit område på kring 12 mål. Her har selskapet Digerneset Vest planar om å sette opp eit forretningsbygg på 2400 kvadratmeter i tre etasjar. Hit har mellom anna eit reklamebyrå planar om å flytte inn.

Langsmed europavegen
Rundt 45 mål av området ligg langsmed europavegen vestover. Her Svinø har ein interessert aktør som ønskjer å nytte kring 20 mål.

– Vi har hatt nokre førespurnader, men har heldt ein låg profil til vi fekk løyve til å sette i gong. Den kom for kring to veker sidan. Vi trur det er attraktive tomter, spesielt desse langsmed vegen der ein får god profilering. Eg får høyre at folk har lagt merke til at vi er i gong med gravearbeidet, seier Svinø.

Selskapet Skodje Næringspark eig området dei no har sett i gang å planere. Her sitt holdingselskapet til Spjelkavik-entreprenøren saman med Waagan Holding som eigarar.

150 nye mål for godkjenning
Om alt går slik ordførar Dag Olav Tennfjord (H) ønskjer seg, vil det snart verte nye moglegheiter for utviding på Digerneset. Tysdag over vinterferien skal formannskapet handsame arealdelen for kommuneplanen.

Her ligg det inne forslag om å utvide med nye 150 mål til næring, som ei utviding av området til Digerneset Næringspark.

– Det er behov for eit slikt areal i regionen. Om ein ikkje kunne lagt det på Digernes, kvar skulle ein då lagt det, spør Tennfjord og viser til at det begynner å bli knapt med areal både på Moa, Breivika og andre plassar lengre vest mot Ålesund sentrum.

Førebels er det likevel eit ope spørsmål om heile arealet vert godkjend. Fylkeskommunen har nyleg kome med innvendingar mot delar av arealet mot nord, grunna omsynet til Straumsbruene som kulturminne.

Vil selje tomter
I motsetnad til Digerneset Næringspark som satsar på å drifte eigedommar og skape inntekt frå utleige, vil aktørane bak Skodje Næringspark selje tomtene på sitt område.

– Vi planerer ut området og vil selje tomter, fortel Oddgeir Svinø.

Han trur fleire verksemder innover mot Ålesund kan være interesserte i å flytte til Digernes.

– Vi har mykje næring i Breivika som er i ferd med å vekse ut av plassen dei er på. Dette er ein plass ein kan utvikle seg litt meir, meiner han.

Har også fengselstomt
Når alt arbeidet er klart, vert avkøyringa inn til området på vestsida flytta lengre nord. Der ligg også avkøyringa til den meir enn 100 mål store tomta som er regulert til nytt fengsel. Her er ein avhengig av ei politisk avgjerd, før ein kjem vidare.

– Det er vedteke at om det skal byggjast eit nytt fengsel på Nordvestlandet, så skal det byggjast der, påpeiker Svinø.

Om det ikkje vert noko av, meiner han driftsavdelinga til nye Ålesund kommune, med sine maskinar og utstyr, kunne vore ein aktuell brukar av omorådet.

– Det må vere ein fantastisk plass å ha ei samlokalisering for denne verksemda til ei storkommune, seier Svinø.


Vi har mykje næring i Breivika som er i ferd med å vekse ut av plassen dei er på. Dette er ein plass ein kan utvikle seg litt meir

Publisert: 01.03.2019 16:37

Sist oppdatert: 26.01.2022 11:11