Best av ti for Vassendgutane
PÅ SCENA: Det er i første rekke på scena Vassendgutane henter inntektene sine. Her frå ein konsert i fjor. I helga spelar bandet på båtfestivalen i Ålesund og countrytreffet på Breim.
Nytt

Best av ti for Vassendgutane

Bandet ligg ikkje på latsida og er på jobb i Ålesund og Breim i helga. – Eg trur vi har to fredagar ledige ut året, seier managaren.

Marius Rosbach
11.07.2019

Bandet spelte inn meir pengar i fjor, enn dei har gjort på ti år og er i desse dagar aktuelle med ny musikk. Omsetninga på 12,9 millionar i Vassendgutane AS i fjor, er den høgste sidan oppstartsåra i 2008 og 2009 for aksjeselskapet (sjå tabell til høgre - under om bu les på mobil).

Det er først og fremst på scena musikarane hentar inntektene.

– Det er klart at Vassendgutane er mellom dei store aktørane på strømming, og vi sel framleis fysiske plater frå katalogen. Men dei siste åra er det heilt klart at inntektene hovudsakleg kjem frå live-spelingar, fortel bandmanager Alf Aarseth til NETT NO.

– To fredagar ledige
Vassendgutane ligg ikkje på latsida og er i desse dagar aktuelle med ny låt «Sånn so det va før», som kjem fredag.

Same dag står dei på scena under båtfestivalen i Ålesund og dagen etterpå spelar dei på det store countrytreffet på Breim.

– Bandet spelar kring 75 «gigs» i året, og då er det stort sett fulle hus og god stemning. Eg trur vi har to fredagar ledige ut året, og allereie har vi mange førespurnader for neste år, seier Aarseth.

Mot slutten av fjoråret vart bandet tildelt sitt 19. trofé då dei fekk gullplate for utgivinga «Du & Ej & Metoo».

Bandmedlemane Rune Ståle Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal eig ein firedel kvar i selskapet – og utgjer også styret.

Les også: Vassendgutane blir meir solide

Rekordutbytte for Vassendgutane i 2017

Løn og utbytte på kring tre mill.
Av andre artistselskap på Nordvestlandet er det truleg berre Sigrid frå Ålesund sitt Sala Music, som kan matche AS-et til bandet frå Åmdalen i Ørsta når det gjeld omsetning.

Overskottet frå i fjor vart også solid, med eit resultat før skatt på 2,9 millionar. Det vart utbetalt løn på 1,4 millionar i løpet av 2018 og sett av 1,6 millionar i samla utbytte, ifølgje årsberetninga.

Selskapet har meir enn sju millionar kroner i banken etter å ha investert kring tre millionar i verdipapir i løpet av fjoråret.

Les også: Sigrid har tjent millioner – før debutalbumet

Spel ga ringverknader på nær to millionar


Eg trur vi har to fredagar ledige ut året, og allereie har vi mange førespurnader for neste år

Publisert: 11.07.2019 18:54

Sist oppdatert: 04.09.2021 00:41