Vassendgutane blir meir solide
NY CD: Vassendgutane (biletet) ventar 10-15 prosent auke i driftsinntektene etter lansering av ny CD i år.
Nytt

Vassendgutane blir meir solide

Vassendgutane treng ikkje gå i banken om dei skal ei ein ny turnébuss. Eller to.

22.06.2018
Vassendgutane har trappe opp utbytte-utbetalingane siste åra, men storparten av overskotet blir liggande i selskapet.
- Vi vil gjerne ha eit solid selskap, seier manager Alf Aarseth.
Selskapet har tidlegare investert i eit utleige-eigedomsprosjekt i Ørsta og plasserte i fjor også pengar i aksjefond. Eigedomsinvesteringa er bokført til 2,3 millionar og aksjefondet til 0,9 millionar. Det meste av dei oppsparte midlar, åtte millionar kroner, står rett og slett i banken.

Utbytte

Etter 2016 tok dei fire eigarane ut til saman 1,1 million kroner i utbytte. Etter 2017 blei det ein million. Vassendgutane as er eigd av Rune Ståle Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal (25 prosent kvar).

I år har Vassendgutane lanserte ein ny CD, og Aarseth seier selskapet ventar ein auke i driftsinntektene på 10-15 prosent. Selskapet har ein stabil kostnadsstruktur slik at auka driftsinntekter i år skal slå ut i enda større auke i lønsemda, i følgje Aarseth.

Publisert: 22.06.2018 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23