A Atte misser jobben etter konkurs
KONKURS: Byggfirmaet i Haried har gått underskot sidan starten i 2012. No har firmaet meld oppbod. 
Nytt

Åtte misser jobben etter konkurs

Byggfirma eigd av Hareid-ordføraren melde oppbod.

Marius Rosbach
18.01.2021

Sunnmøre tingrett har opna konkurs i selskapet Brandal Bygg etter at det er meldt oppbod. Vikebladet var først til å omtale konkursen i helga.

Bustyrar Erling Flisnes opplyser til NETT NO at selskapet hadde åtte tilsette som no misser jobbane sine. Elles har han ikkje noko å opplyse i saka tidleg måndag, ettersom han nettopp hadde fått papira.

Fleire har fått nye jobbar
Hareid-ordførar Bernt Brandal er største eigar i byggfirmaet via selskapet Myrvoll Eiendom.

Han fortel til NETT NO at fleire av dei tilsette har fått nye jobbar.

Han opplyser at han har vore ute av drifta i halvanna år – sidan han blei ordførar, men at det truleg er han som vil tape mest på konkursen.

Underskot sidan starten
Ordføraren starta opp selskapet i 2012, og var då tidlegare dagleg leiar.

Brandal fortel at han ikkje har motteke løn frå dette firmaet, og at han har permisjon frå eit fiskeriselskap der han har vore tilsett sidan 2009.

Byggfirmaet har vore oppe i ei årsomsetning på drygt 4 millionar. Lønnsemda har vore dårleg og selskapet har gått med underskot sidan oppstarten. Eigenkapitalen gjekk i minus i løpet av 2018.

Les også: Vil ha karantene for bakerigründer

Konkursbølgja kom ikkje i koronaåret

Difor er det færre konkursar

Innblanda i tredje konkurs på under eitt år


Publisert: 18.01.2021 13:00

Sist oppdatert: 27.07.2021 00:44