Innblanda i tredje konkurs paa under eitt aar
SUNNMØRE TINGRETT: For tredje gong sidan februar har tingretten opna konkurs i eit selskap der mannen er involvert. 
Nytt

Innblanda i tredje konkurs på under eitt år

Bustyrar ser fleire forhold han vil undersøke etter at bensinstasjon på Stranda melde oppbod.

Marius Rosbach
04.12.2020
Sunnmøre tingrett opna torsdag konkurs etter at det blei meld oppbod i selskapet Autosenteret Stranda. Det var tredje gong retten starta behandling av ei konkurssak der ein mann i 60 åra har vore involvert.
Mannen har allereie konkurskarantene fram til mai 2022, som følgje av den første konkursen i februar.
Bustyrar Christian Garmann fortel til NETT NO at han har snakka med innehavaren, og fått opplyst at det ikkje har vore drift ved bensinstasjonen på ei tid.

Ulovleg lån

I årsrapporten frå 2019 går det fram at dagleg leiar har eit lån i selskapet på drygt 800.000 kroner som er ulovleg etter aksjelova. Selskapet har ikkje fri eigenkapital til dette, og det er ikkje stilt sikkerheit for lånet, påpeiker revisor.
– Vi vil sjå på korleis drifta er avvikla, mellom anna ved å sjå på dei transaksjonane som er gjort, og om kreditorane er behandla skikkeleg, seier Garmann.
– Mellom anna dette ulovlege lånet er det naturleg å undersøke som bustyrar, legg han til.

Rekna med avvikling

I årsrapporten går det også fram at selskapet ikkje lengre hadde nokon franchiseavtale med Cirkle K. frå september i haust.
De rekneskapen blei levert i slutten av september, var lokalet i ferd med å bli rydda og det var venta at selskapet blir avvikla i løpet av året.
Dei siste ti åra har bensinstasjonselskapet hatt ei omsetning på kring ti millionar årleg, og driftsresultat som har gått om lag i balanse.

Involvert i restaurantselskap

Mannen i 60-åra var også involvert i Oliven Restaurant & Vinhus, som dreiv restaurant i leigde lokale i Storgata, men blei tvangsoppløyst tidlegare i år.
Bustyraren her , verken bilag eller arbeidskontraktar eller lønnsutbetalingar - og konkluderer med at det truleg ikkje var ført rekneskap overhovudet.
Bustyraren meinte mannen var den reelle eigaren av restaurantselskapet, men skal likevel ikkje ha hatt noko med drifta å gjere. Drivaren av restauranten skal ha reist på ferie i fjor, og bustyraren var ikkje i stand til å få tak på ham.

Les også:






Vi vil sjå på korleis drifta er avvikla

Publisert: 04.12.2020 16:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07