41 aaring med nytt liv og rekordstor batteripakke
GLER SEG: Teknisk sjef Chris Giske Remøy (f.v.) saman med maskinistane Thomas Hoddevik, Fredrik Grimstad, Kent Arne Sansbakk og Elias Huse, som snart skal om bord på nye Nordbas. Innfelt korleis skroget såg ut då arbeidet starta på Kleven i fjor haust. 
Nytt

41-åring med nytt liv og rekordstor batteripakke

Med smekre linjer og smarte løysingar er fiskebåten frå 1979 snart ferdig ombygd. I natt fekk den vatn under kjølen og mannskapet gler seg til å mønstre på. Sjå bilde frå sjøsettinga

Marius Rosbach
04.06.2020

I løpet av natt til torsdag fekk drygt 60 meter lange ombygde «nye» Nordbas vatn under kjølen att. Den nye fiskebåten til Nordnes-reiarlaget på Valderøya har fått ny hekk og ei mengde nytt utstyr om bord.

nettnohalf

- Gjenbruk har vore ein raud tråd i heile prosjektet. Både gjenbruk av forskipet og mykje av utstyret. Samtidig er det mykje nytt utstyr for energioptimalisering, seier teknisk sjef i reiarlaget, Chris Giske Remøy, til NETT NO.

NETT NO har tidlegare omtala oppdraget som var det første «nye Kleven» sikra seg etter at verftet blei berga frå konkurs i fjor haust. No er jobben på verftet snart ferdig og forventa levering er i september.

Nordnes byggjer på Kleven: – Ein stor dag for oss

Natt til torsdag blei nye Nordbas teke ut på Lyngnesvika utfor verftet på ein lekter. På morgonkvisten var akterenden på skipet blitt senka ned mot botnen, og i løpet av operasjonen flaut også baugen opp frå lekterdekket. Ved 8.15-tida pågjekk operasjonen framleis, men gjekk etter planen, opplyser Remøy.

Mannskap klare for tur
På ein typisk kvitfisktur vil dei vere ei besetning på 15-16 personar. Med to skift gir det meir enn 30 arbeidsplassar om bord. Til saman har dei plass til opptil 40 personar.

nettnohalf

– Det gjer at vi også har kapasitet til å ta om bord både lærlingar og forskingsprosjekt for den saks skuld, seier Remøy.

NETT NO møtte onsdag ettermiddag nokre av mannskapet som gleda seg til å mønstre på og var ein smule spent på sjøsettinga. Maskinist Thomas Hoddevik er mellom dei nye mannskapa som går om bord til hausten, og han gler seg til å kome i gong.

– Eg har stor interesse for fiskeri og tråling og vore med på ein del bygging med tidlegare reiarlag. Dette såg verkeleg spennande ut, så eg sende inn ein søknad og håpte på det beste, fortel Hoddevik.

Større batteripakke enn hurtigruteskipa
Fiskefartøyet er på mange vis noko heilt utanom det vanlege. Éin ting er historia til skroget som tidlegare islandsk fiskebåt – noko heilt anna er dei moderne nyvinningane om bord.

nettnohalf

Batteripakka på 1600 kWt skal vere den største som er installert om bord på eit fiskefartøy. Det nye ekspedisjonsskipet Fridtof Nansen til Hurtigruten, som no ligg i opplag på Kleven, har til dømes ei batteripakke på knappe 1400 kWt.

Så seint som i fjor skapte det overskrifter då verdas første hybriddrivne fiskebåt, «Angelsen Senior» segla heim til reiarlaget med ei batteripakke på 270 kWt.

– Vi har teke mange skritt i retning av ein fossilfri båt, men vi brenn framleis diesel, påpeiker Remøy.

– Gjeld å ta vare på all krafta
Kvar del av skipet er laga med tanke på at fartøyet skal vere mest mogleg driftseffektivt og at energi skal brukast opp att. Ombygginga er eit forskingsprosjekt i seg sjølv, og reiarlaget har fått støtte frå både Enova og Nox-fondet til arbeidet.

nettnohalf

– Det gjeld å ta vare på all krafta. Difor har vi også elektriske vinsjar som gjer at når vi skyt av trålen, så laddar vi batteria med den krafta som normalt sett berre ville forsvunne. Den krafta brukar vi etterpå til å ta opp att trålen, fortel Remøy.

Det er heller ikkje elektrisk oppvarming om bord. Innreiingsdelen får varme ved varmt vatn frå motoreksosen. Reiarlaget var også mellom dei som fekk støtte frå forskingsrådet til eit nyskapingsprosjekt om tråling seint i fjor.

Les også: Desse nyskapingprosjekta får støtte

Ny Kleven-kontrakt på kjempeyacht

Spent på forbruket av drivstoff
Den opphavlege planen var levering i slutten av juni, men reiarlaget vil først ta over skipet i september. Remøy fortel at prosjektet likevel har gått bra og no er han spent på resultata av innsparinga på drivstoff, når nye Nordbas kjem i fiske.

Tidlegare har han håpt på ein reduksjon med ein firedel, men påpeiker at dei må ta i bruk fartøyet før dei veit noko sikkert. Om bord er ein liten og ein større motor, saman med ein generator – eller AUX-motor - som leverer energi frå batteria. Det skal gi full kontroll over kor mykje energi som nyttast til ein kvar tid.

– Vi trur at de i første rekke er under fiske at vi kan få dei store innsparingane, seier Remøy.

Tilpassa ulike fiske
Det er tre ulike driftsmodus der maskineriet er finjustert for ulike type fiske; snurrevad - som er ein enkel form for fiske tilpassa ein liten motor, enkel trål - der ein brukar ein større motor tilpassa dette fiske, og dobbeltrål – for mellom anna rekefiske, som er meir kraftkrevjande og ein nyttar begge motorane. Batteripakka blir nytta til å «ta toppane» i energibehovet.

nettnohalf

Fartøyet har også fått vendbar rordyse i hekken, som skal redusere behovet for motorkraft under fiske - og flyttbare trålblokker, som gjer at ein kan fordele krafta på trålen.

Remøy fortel at fleire er nysgjerrige på prosjektet:

– Folk lurer mest på om det lønner seg med ombygging og spør kvifor vi brukar opp att ein gamal båt. Vi såg rett og slett ikkje behovet for å bygge ein heilt ny båt. Her fekk oss sjansen til å bygge om, som gir reduserte kostnader. Slik fekk vi moglegheit til å bygge akkurat den båten vi har trua på, seier han.

Les også: Kleven direkte råka av koronakrisa

Nordnes byggjer på Kleven: – Ein stor dag for oss

Sjå video frå flyttinga av nye Nordbas til lekteren (ekstern lenke til Facebook)


Gjenbruk har vore ein raud tråd i heile prosjektet. Både gjenbruk av forskipet og mykje av utstyret. Samtidig er det mykje nytt utstyr for energioptimalisering

Publisert: 04.06.2020 08:18

Sist oppdatert: 29.01.2022 12:32