Ulstein vil ha badeland status
INNSPURT: 2. desember skal alt vere klart til opning av Ulstein Arena. Samstundes arbeider dagleg leiar Rune Urke i Ulstein Eigedomsselskap og kommuneleiinga for å få den momsgunstige badelandsstatusen på bassengdelen av Ulstein Arena og ei avklaring med leverandørane om den endlege prislappen på bygget. 
Nytt

Ulstein vil ha badeland-status

Ein ekstra investeringskostnad på 6-7 millionar blir utfallet om Ulstein kommune ikkje får badelandstatus for det nye bassenganlegget sitt.

10.11.2017
Denne veka hadde kommunen og Skatt Midt Norge eit møte for å diskutere om anlegget fell innanfor definisjonen av eit badeland.
Skattestyresmaktene har bedt om ekstra informasjon før dei kan ta stilling til spørsmålet, mellom anna detaljar om kva slags utstyr - som til dømes sklier - som anlegget skal innehaldet.

Dagleg leiar Rune Urke i Ulstein Eigedomselsskap KF seier han reknar med ei snarleg avklaring. Eigedomsselskapet er heileigd av kommunen og står som eigar av Ulstein Arena, som omfattar bassenganlegg, bibliotek og idrettshall i Ulsteinvik sentrum.

Vil ha badelandstatus

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein seier kommunen håpar på ein badelandstatus, mellom anna fordi det gjer det økonomisk forsvarleg å ha lengre opningstider på kveldsstid og i helgane.
Anlegget skal brukast av skuleelevar på dagtid i vekene, men vere ope for publikum om klvenden og i helgane.
Det er momsreglane som gjer badelandstatusen attraktiv. Anlegg som blir definerte som badland har rett til å trekkje frå moms både på drift og investeringar, medan eit symjeanlegg ikkje får fråtrekk.

Ukjent pris

Den sist offentleggjorde prisen på Ulstein Arena er på 268 millionar kroner. Momsspørsmålet gjeld kostnadane og drifta av bassenganlegget, ikkje heile bygget.

268 millionar imidlertid tal frå 2015. Korkje Engh eller Urke vil seie noko om kva prislappen faktisk endar på, og viser til at det pågår diskusjonar med leverandørane, mellom anna om reklamasjonar.

Ulstein Arena skal opne 2. desember i år.

Publisert: 10.11.2017 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15