Skal spare minst 450 millionar aarleg
SKAL SPARE: SolstadFarstad-leiinga (biletet) anslår at den har kutta kostnadane med 450-600 millionar kroner i året når heile samanslåingsgevinsten er henta ut.
Nytt

Skal spare minst 450 millionar årleg

Gevinsten ved å slå saman Solstad Offshore, Farstad Shipping og Deep Sea Supply er mellom 450 og 600 millionar kroner i sparte kostnadar årleg, etterkvart. Fleire skip kan bli selde.

10.11.2017
Selskapet er heilhjarta opptatt av å nå måla om å hente ut samanslåingseffekten som var beskriven i samanslåingsprosesssen heiter det i kvartalsrapporten for tredje kvartal for SolstadFarstad.

Selskapet talfestar den til mellom 450 og 600 millionar kroner i årleg reduksjon i kostnadane. SolstadFarstad tidfestar ikkje kor lang tid det vil ta å nå så store årlege kostnadsreduksjonar, men skriv i kvartalsrapporten at det er i rute på vegen mot målet.

Kuttar i staben

10 skip er selde ut av selskapet i løpet av året, og administrasjonen er kutta, mellom anna på Ålesundkontoret.

Selskapet tek og i bruk det beste frå dei ulike selskapa i heile organisasjonen, forhandlar med underleverandørar og prøver å gjere mannskapskabalen meir lønsam.

Kuttar i gjelda

Trass i at refinansieringa reduserte gjelda er den framleis stor. I tredje kvartal ble netto renteberande gjeld for SolstadFarstad redusert med 1,5 milliardar kroner, til 26,9 milliardar kroner.
Tredje kvartal er det første heile kvartalet for det samanslåtte selskapet, slik at tala ikkje er direkte samanliknbare med tal frå tidlegare periodar. Resultatet før skatt i kvartalet blei minus 369 millionar kroner.

"Strategisk initiativ"

SolstadFarstad vurderer eit "strategisk inititiativ" for eit antal - ikkje talfesta - skip som selskapet meiner er av mindre strategisk interesse for selskapet, i følgje kvartalsrapporten.
"Strategisk initiativ" er ei frase som kan betyr alt frå sal og opphogging, til utskilling i eit eige selskap eller ombygging til andre formål.

Publisert: 10.11.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15