Seks verft konkurrerer om Yara Birkeland
AUTONOMT: Om få dagar vert det klart kven som skal byggje prestisjeskipet Yara Birkeland. Bjørn Tore Orvik fortel om enorm interesse rundt prosjektet.
Nytt

Seks verft konkurrerer om Yara Birkeland

Om få dagar vil Yara offentleggjere kva verft som får prestisjeoppdraget med å byggje heilelektriske Yara Birkeland.

22.06.2018
- Det er seks verft som har rekna på prosjektet. Av desse er det fleire norske verft, opplyser finans- og logistikksjef Bjørn Tore Orvik i Yara Porsgrunn til NETT NO.
Orvik deltok på Fosnavågkonferansen torsdag, og fortalde om prosjektet der Yara Birkland skal erstatte opptil 100 dieseldrevne lastebilturar frå Yara sin gjødselfabrikk i Porsgrunn til utskipingshamnene i Brevik og Larvik.

Enorm interesse

Det Marin teknikk-teikna skipet vil årleg spare miljøet for rundt 40.000 lastebilturar på lokalvegane mellom Brevik og Larvik.
Orvik seier til NETT NO at det er enorm interesse rundt prosjektet.
- Det har hittil vore rundt 120.000 artiklar om prosjektet.
- Interessa er stor over store deler av verda, ikkje minst i Japan. Der er det skuleelevar som har bilde av Yara Birkeland på pulten sin.

Mykje støtte

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Yara, Kongsberggruppen og DNV GL.
Kongsberg Gruppen er ansvarleg for å utvikle og levere all nøkkelteknologi om bord på skipet, inkludert kontrollsystem, sensorar og nødvendig integrasjon for fjernstyrt og autonom operasjon, i tillegg til elektrisk framdrift, batteri og styringssystem.
Enova har støtta prosjektet med 133,6 millionar kroner.
Om prosjektet lukkast, vil det årleg gi ein reduksjon i utslepp på 750 tonn CO2, og i tillegg utgjere eit banebrytande gjennombrot i utviklinga av autonom transport.

Viktig for lokalmiljøet

Orvik seier at vel så viktig som CO2-reduksjonen er at ein får fjerna støy og støv og får trailertrafikken vekk frå bustadområde.
- For lokalområdet vil dette få enormt store positive miljøkonsekvensar.
Han seier at det har vore ein lang prosess med skipsverfta, men at det ikkje har hasta med å ta det endelege valet.
- Det vil ta rundt 12 månader å byggje skipet, slik at her har vi ikkje hatt hastverk. Derimot er det krevjande å få på plass alt som trengst av anlegg på land.
Det er ikkje berre skipet som vert autonomt, det vert også konseptet på Herøya som skal sørgje for at skip blir fortøygd, lasta og lossa automatisk og elektrisk.

To år innfasing

Orvik seier at det vil ta rundt to år før alle prosessane vert autonome.
- Vi startar med to mann om bord i skipet, men etter to år er planen at alt skal skje autonomt.
Yara Birkeland vert 80 meter lang, 14,8 meter brei og ha ei djupne på 12 meter.
Normalt vil skipet gå med ei fart på 6-7 knop.
- Om det skulle skje ein krisesituasjon, skal skipet kunne stoppe heil opp på to båtlengder med ei fart på ti knop, seier Orvik.

For lokalområdet vil dette få enormt store positive miljøkonsekvensar. Bjørn Tore Ovik fortel om enorm interesse.

Publisert: 22.06.2018 10:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23