Rekordaar for Skipskompetanse
KAN BLI MEIR: Designoppdraget for tre fiskebåtar for eit russisk reiarlag kan bli dobbel så stor om designselskapet Skipskompetanse får full klaff. 
Nytt

Rekordår for Skipskompetanse

Skipskompetanse har hatt sitt beste år sidan starten i 2007.

26.07.2016
Skipsdesignselskapet i Måløy er no oppe i ni tilsette, og fekk i fjor både rekordomsetning og den beste lønsemda sidan selskapet blei etablert.
- Vi har vore tolmodige og langsiktige i vår strategi og tenking, no ser vi at dette har gitt oss dei resultata vi treng for å fortsette veksten framover. Takka være ein enorm innsats av tilsette og andre klarte vi å levere både produkt og resultat som forventa av våre kundar, seier dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden.
I år ligg selskapet an til å få like store driftsinntekter som i fjor.
- Det blir eit greitt år, men vi treng fleire oppdrag i siste halvdel av året for å kunne oppretthalde same aktivitetsnivå som vi har hatt fram til no, seier Silden.

Stor kontrakt til Russland

I fjor drog selskapet i land ein stor kontrakt med det russiske fiskeriselskapet V.I. Lenin Collective Fishing Farm. Selskapet skal bygge minst tre fiskebåtar hos verftet Yantar JCS i Kaliningrad, og det er Skipskompetanse som står for design og teikningar.

Designet, SK-3101R, er brukt både til trål-, snurrevad og ringnot.
Går alt bra kan det blir bygging av ytterlegare tre farty.

Russisk interesse

Arbeidet mot Russland gjer at selskapet har fått andre forespørslar frå russiske selskap. Dessutan er det generell interesse for fiskebåtar i marknaden, seier Silden.
Oppsvinget i driftsinntekter og lønsemd i fjor er resultatet av ei langvarig arbeid for å bygge opp kompetanse og ein brei designportefølje, i følgje Silden.
- Dette har sjølvsagt vore ei kostbar periode for selskapet. Innovasjon Norge og andre har støtta oss i denne oppbyggings perioden og vi er glade for å fortsatt ha eit godt og viktig forhold til desse, seier han.
Designselskapet har markert seg også mot oppdrettsnæringa, og har mellom anna teikna brønnbåtane Rostein har under bygging hos Larsnes Mek. Verksted.


Publisert: 26.07.2016 14:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58