Planlegg nybygg etter baatsal
TIL GRØNLAND: Carisma Star blei seld til Island i 2013, og no skal søsterskipet Carisma Viking seljast til Grønland.
Nytt

Planlegg nybygg etter båtsal

Vågsøy-reiarlaget Carisma Fish kan gå i gang med å planlegge ny båt etter at Carisma Viking er seld til ein veldig god pris.

Administrator
01.04.2016
Om alt går som planlagt er Vågsøy-registrerte Carisma Viking ute på sin siste tur for dei noverande eigarane. Etter det blir det 52 meter lange autolinefartøyet overteke av grønlandske eigarar.
- Vi har skrive kontrakt med eit selskap på Grønland, stadfestar dagleg leiar Arild Aarvik i Carisma Fish med forretningsadresse Raudeberg.
Føresett at kjøparane får letta atterhalda som ligg i kontrakten, skal overtaking finne stad i slutten av april.

Veldig god pris

Etter det NETT.NO har grunn til å tru, skal grønlendarane betale rundt 90 millionar kroner for autolinebåten som blei levert frå Sterkoder i 2001.
- Det einaste eg kan seie om prisen, er at den gjorde det fornuftig å selje. På grunn av prisen kunne vi ta ei rask avgjerd om å selje ein båt vi er veldig godt fornøgde med, seier Aarvik.

Nybygg er målet

Carisma Fish eigde tidlegare to autolinebåtar fram til Carisma Star blei seld til Island sommaren 2013. Etter det har søsterskipet Carisma Viking hatt dobbelt opp med kvotar å fiske. Når også den no blir seld, sit eigarane igjen med seks kvotar som skal nyttast på eine eller andre måten.
- Vi jobbar med ulike alternativ, men målet er å føre kvotane over på eit nybygg vi har teke mål av oss til å kontrahere. Prisen vi får har sett oss i posisjon til å bygge nytt, seier Aarvik, som saman med medeigarane allereie har begynt å skissere på nye Carisma Viking.
Aarvik seier at sjølv om dei har ein veldig godt fungerande båt i Carisma Viking, er det femten år sidan båten blei bygd. Dermed var det uansett på tide å tenke på fornying til noko enda meir «up to date».
- Carisma Viking har vist seg å vere ein effektiv og god båt som vi har fiska veldig godt med.
- Erfaringane med linedraging gjennom moonpool gjer det heilt uaktuelt å bygge ny båt utan denne løysinga, legg Aarvik til.

Fleire alternativ

Aarvik fortel at dei no vil bruke nokre månader på å planlegge, for så å ta ei beslutting om nybygg i løpet av hausten.
Fram til ny båt er klar kan utleige av kvotane vere eitt alternativ. Ei anna løysing kan vere å kjøpe ein båt og fiske kvotane sjølve i mellomtida.
- Vi har mange alternativ for mellombels utnytting av kvotane, seier Aarvik.
Carisma Fish har fem eigne kvotar som kan leiast ut. Den sjette kvota, som ligg i eit eige selskap, kan det vere aktuelt å selje.
Selskapet har ikkje garnkvotar, men driv eine og åleine linefiske i Barentshavet og ved Aust-Grønland.
Aarvik-familien, med Arild og faren Mathias, eig to tredjepartar av Carisma Fish. Den tredje parten er delt mellom Ole Johnny og Cato Bellen.
Vi jobbar med ulike alternativ, men målet er å føre kvotane over på eit nybygg

Publisert: 01.04.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54