Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.

Skulesjef

26.03.2020
Skulesjef

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Ulstein kommune søkjer ein utviklingsorientert skulesjef til å leie rektorar i drift og utvikling av skulane. Vi har fem grunnskular med om lag 1150 elevar og 154 årsverk.
Skulesjefen rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og kultur.
 

Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere overordna strategisk planlegging og fagleg utviklingsarbeid i skulen, med direkte leiaransvar for rektorane. Ein del av utviklingsarbeidet vil skje i nært samarbeid med dei andre kommunane i Sjustjerna.
Skulesjefen har ansvaret for budsjettoppfølging og resultat i skulesektoren, og skal bidra med saksutgreiing for å utforme administrative planar og saker for politiske utval.
Skulesjefen tek del i kommunalsjefen si leiargruppe saman med einingsleiarar tilhøyrande etaten.
 

Kvalifikasjonar
Du er pedagog med høgare utdanning, har leiarerfaring frå offentleg sektor og brei kunnskap om opplærings- og skuleverksemd.
 

Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeids- og leiareigenskaper, kan syne til målretta og systematisk innsats, og til konkrete resultat frå utviklingsarbeid.
Du er trygg og framoverlent, synleg for dei du er leiar for, og med ein varm og tydeleg leiarstil.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest  
 

Vi tilbyr
Ulstein kommune tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Prøvetid på 6 månader gjeld for stillinga.
 

Arbeidsplass: Oppvekstkontoret på rådhuset i Ulsteinvik.

Kontaktperson: Kommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Osnes Nordal, tlf. 906 40 134

Søknadsfrist: 20.04.2020.

 

ARBEIDSGIVER

Ulstein kommune

Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Kommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Osnes Nordal

906 40 134

Søknadsfrist: 20.04.2020

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

STILLINGER I SAMME KATEGORI:

CFO

23.03.2020

Møretrygd har et godt fotfeste i markedet i regionen og utgjør det største forsikringsmiljøet på Nord-Vestlandet. Selskapet har en høy markedsandel innen marine forsikringer og har fokus på å øke særlig den landbaserte porteføljen i tiden fremover.
Selskapet har i dag 24 ansatte med lang erfaring innenfor forsikringsmarkedet. Dette gir et solid fundament for videre utvikling. Hovedkontoret ligger i Ålesund, med avdelingskontor i Volda og Fosnavåg. Selskapet tar hånd om alle funksjoner selv, inkludert skadeoppgjør.

ARBEIDSGIVER

Møretrygd AS

Kongens gate 23, 6002 Ålesund

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Management Consultant Yapril, Irene V. Mjelde tlf 900 17 771

CEO Møretrygd, Bjarte Vindenes tlf 995 18 045

Søknadsfrist: 10.04.2020

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

Møre Miljøsanering AS vart starta hausten 2013 og satsar 100 prosent på riving og sanering. Vi utfører også miljøkartlegging av bygg. Vi har i lag med våre samarbeidspartnarar brei erfaring innan faget.

ARBEIDSGIVER

Møre Miljøsanering AS

Hevsdalsvegen 360, 6200 Stranda

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Daglig leder Espen Høidal

979 87 987

E-post

Søknadsfrist: 31.03.2020

Tiltredelse: Umiddelbart om mulig

Varighet: Fast

05.01.2020

Kvart år vert millionar av kroner kasta vekk på annonser retta mot folk som ikkje er interesserte i å sjå annonsa dei får servert.

Gjennom Stilling ledig Sunnmøre på Facebook tilbyr NETT NO eit kostnadseffektivt og målretta annonseprodukt.

ARBEIDSGIVER

Stillingsannonsering på Nett.no og på Facebook - Stilling ledig Sunnmøre

KONTAKTPERSON

Magnus@nett.no

E-post

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.