Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

For bestilling av årsabonnement - Kontakt Magnus på magnus@nett.no

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.

HR-direktør

11.05.2020
HR-direktør

Kleven Verft har over fleire tiår bygd store, avanserte fartøy i fleire segment. Verftet er spesialisert på å bygge cruiseskip på høgt nivå, og har god erfaring også med andre typer skip. Kleven Verft AS er eigd av kroatiske DIV Group, som også eig vårt samarbeids- og søsterverft Brodosplit. Vi har om lag 200 tilsette i Kleven Verft AS, og om lag 230 tilsette i vårt underselskap Kleven Maritime Contracting (KMC), samt 5 tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT).

Vår noverande HR-direktør skal pensjonere seg, og vi søker derfor etter ny HR-direktør i 100% stilling.

Kleven Verft AS er inne i ei spanande tid med ein ny eigar og gode framtidsutsikter. Vi ønsker ein HR-direktør som skal hjelpe oss med å halde stødig kurs for dei tilsette og organisasjonen. HR-direktøren skal leie ei HR-avdeling med tre tilsette. I tillegg har HR-direktøren overordna ansvar for våre 200 tilsette, fordelt på mange fagdisiplinar innan administrasjon og produksjon, og er rådgjevar for øvrige Kleven-selskap. Arbeidsoppgåvene på verftet er varierte, vi treng derfor ein HR-direktør som er fleksibel og positiv, samt har evne til å sette seg fort inn i nye oppgåver. Stillinga rapporterer til administrerande direktør.

 
Hovudoppgåver og ansvar:

• Organisasjonsutvikling
• Lønnsforhandlingar
• Rekruttering og permittering
• Konflikthandtering og personalsaker
• Delta aktivt i integreringsprosessen med vår nye kroatiske eigar DIV Group

 
Kven ser vi etter?

Vi treng ein erfaren, stødig, kunnskapsrik og omsorgsfull leiar, som kan stå fagleg og mellommenneskeleg trygt i alle situasjonar.

 

Ønska kvalifikasjonar:

• Vere sterk i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
• Høgare utdanning, og det er ønskeleg med 5 års erfaring innan personalleiing
• God kompetanse frå relevant lov- og avtaleverk, samt ulike tariffområde
• Erfaring med å forhandle og samarbeide med fagforeiningar

 

Vi forventar at du

• Jobbar sjølvstendig, strukturert og effektivt
• Har gode samarbeidsevne
• Involverar, motiverar og utfordrar dine medarbeidarar
• Skapar gode relasjonar på alle nivå i organisasjonen

 

Vi tilbyr:

• Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
• Ei sentral stilling med stor påverkingskraft
• Moglegheit til å jobbe med trivelege og fagleg dyktige kollegaer på tvers av ulike avdelingar i heile organisasjonen
• Godt og inkluderande arbeidsmiljø
• Spanande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
• Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar

 
For den rette personen trur vi at dette er ei stilling som vil vere motiverande i seg sjølv. Her er det store moglegheiter for å utvikle eigen kompetanse, og til å gjere grep som kan gjere ein forskjell for organisasjonen på kort og lang sikt. Arbeidsmiljøet er godt, og det gir mykje tilbake til ein engasjert leiar. Vi håpar vi vil vere ein attraktiv arbeidsplass for vår nye HR-direktør.

 

Nøkkelopplysningar:

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik og stillinga er 100%. Ein del reiseverksemd høyrer med til stillinga. Er du interessert? Då vil vi gjerne at du tek kontakt for fleire opplysningar:

HR-direktør Magne Gurskevik, tlf: 915 96 104, e-post: magne.gurskevik@kleven.no
Administrerande direktør Kjetil Bollestad, tlf. 481 67 809, e-post: kjetil.bollestad@kleven.no

Søknadsfrist: 7. juni 2020

Send søknad med CV til: kleven-hr@kleven.no

ARBEIDSGIVER

Kleven Verft AS

Klubbenesvegen 39, 6065 Ulsteinvik

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

HR-direktør Magne Gurskevik

Administrerande direktør Kjetil Bollestad

Søknadsfrist: 07.06.2020

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

STILLINGER I SAMME KATEGORI:

03.07.2020

Alfr Nesset AS ble etablert i 1924 og er en fleksibel totalpartner av elektroinstallasjon, automasjonssystemer, tavleproduksjon  og svakstrøms-tjenester. 
Vi utfører konstruksjon, installasjon og service rettet mot ulike bransjer som næringsbygg og bolig, landbasert industri, skip/offshore og aquakultur. 

ARBEIDSGIVER

Alfred Nesset Elektro AS

Tonningsgate 23, 6006 Ålesund

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Daglig leder Håvard Brandal

918 60 533

E-post

Søknadsfrist: 15.08.2020

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

05.01.2020

Kvart år vert millionar av kroner kasta vekk på annonser retta mot folk som ikkje er interesserte i å sjå annonsa dei får servert.

Gjennom Stilling ledig Sunnmøre på Facebook tilbyr NETT NO eit kostnadseffektivt og målretta annonseprodukt.

ARBEIDSGIVER

Stillingsannonsering på Nett.no og på Facebook - Stilling ledig Sunnmøre

KONTAKTPERSON

Magnus@nett.no

E-post

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.