Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.

Administrerande direktør

09.01.2018
Administrerande direktør

Tussa er eit leiande og utviklingsorientert energi- og kommunikasjonskonsern på Nord-Vestlandet.
Tussa produserer og overfører straum, og kjøper og sel ulike energiprodukt. I tillegg byggjer vi ut breiband, driv eiga installasjonsverksemd og er leiande på IT-drift og kommunikasjon i området.
Vi er over 200 medarbei­darar og har ei årleg omsetjing på om lag 800 mill. kroner.

Tussa Installasjon er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har om lag 80 tilsette og ei omsetjing på om lag 115 mill. kroner. Dette gjer selskapet til den største landbaserte installatøren på søre Sunnmøre. Tussa Installasjon dekkjer alle relevante fagområde innan elektro, tele og data og er ein kompetent og effektiv samarbeidspartnar for både store og små oppdrag. Selskapet har avdelingar i Ørsta og Ulsteinvik.

 

Tussa Installasjon har ledig stilling som:

 

ADMINISTRERANDE DIREKTØR

 

Vi leitar etter ein engasjert, handlekraftig og profesjonell leiar som jobbar godt for å nå selskapet sine mål.

 

Arbeidsoppgåver

- Dagleg drift av selskapet

- Personalleiing, under dette fokus på HMS

- Optimalisere prosessar for heile verdikjeda

- Ansvar for å utvikle nye og eksisterande forretningsområde

- Delta aktivt i salsarbeidet og i kontraktstingingar

- Etablere/reforhandle avtalar med underleverandørar

- Initiere og syte for god prosjektstyring og kontroll i verksemda

- Rapportering og tilrettelegging for styret

 

Erfaringar og eigenskapar

- Leiing i prosjekt- og teknisk orientert verksemd

- Evne til å vise tydeleg leiarskap gjennom aktiv medverknad i organisasjonen

- God kunnskap om prosjektstyring

- Gode kommunikasjonsevner

- Forretningsorientert og god økonomisk forståing

- Relevant bransjeerfaring er ein fordel

 

Utdanning

- Elektroutdanning på masternivå (sivilingeniør) er å føretrekke

- Tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing er ein fordel

 

Vi tilbyr

- Ei utfordrande og interessant stilling i eit selskap med ordna økonomi og potensiale for vidare lønsam vekst

- Deltaking i Tussakonsernet si leiargruppe

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

 
Fleire opplysningar om stillinga får du hos styreleiar Elling Dybdal på tlf. 70 04 62 00 / 918 52 540 eller organisasjonssjef Nina Melle Scharning på tlf. 70 04 62 00 / 991 68 007

 

Klikk her for å søke på stillinga

 

Det er ønskjeleg med vedlagt CV, attestar og vitnemål.

Opplasting av mange tunge dokument i det elektroniske søknadskjemaet kan føre til feilmelding. I så fall kan vedlegg sendast på epost til: nina.scharning@tussa.no  
 

Søknadsfrist 5. februar 2018.

ARBEIDSGIVER

Tussa Installasjon AS

Indrehovdevegen 67, 6160 Hovdebygda

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Styreleiar Elling Dybdal / Organisasjonssjef Nina Melle Scharning

Søknadsfrist: 05.02.2018

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

STILLINGER I SAMME KATEGORI:

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ein solid og sjølvstendig bank med lokal forankring. Banken har hovudkontor i Volda og avdelingskontor i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og på Vartdal.
Forvaltningskapitalen er om lag kr. 11 mrd. og banken har i dag 61 tilsette. Banken er medeigar i SpareBank 1 alliansen og er totaltilbydar av finansielle tenester.
Banken sin visjon er å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. 

ARBEIDSGIVER

SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Gymnasvegen 2, 6102 Volda

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

Banksjef personmarknad Andre Skotheim 48017909 / Banksjef HR Vidar Egset 98287855

Søknadsfrist: 10.11.2018

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

CFO

05.10.2018

Optimar AS er et av verdens ledende innovasjonsselskaper og leverandør av fiskehåndteringsløsninger og prosessutstyr tilrettelagt for fartøy, landbaserte fabrikker og oppdrettsnæringen.
Midt i den maritime klyngen på Sunnmøre ligger selskapets hovedkontor med administrasjon, utviklings- og produksjonsavdelinger.
Selskapet omsatte for 1.050 MNOK i 2017 og har omlag 450 ansatte i Norge, Spania, Romania og USA.

ARBEIDSGIVER

Optimar AS

Valderøyvegen 1129, 6050 Valderøy

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

President & CEO Håvard Sætre tlf. 915 49 431 / Rådgiver Kirsti Kalseth Sjøhaug tlf. 977 31 680

Søknadsfrist: 25.10.2018

Tiltredelse: Etter avtale

Varighet: Fast

05.10.2018

Optimar AS er et av verdens ledende innovasjonsselskaper og leverandør av fiskehåndteringsløsninger og prosessutstyr tilrettelagt for fartøy, landbaserte fabrikker og oppdrettsnæringen.
Midt i den maritime klyngen på Sunnmøre ligger selskapets hovedkontor med administrasjon, utviklings- og produksjonsavdelinger.
Selskapet omsatte for 1.050 MNOK i 2017 og har omlag 450 ansatte i Norge, Spania, Romania og USA.

ARBEIDSGIVER

Optimar AS

Valderøyvegen 1129, 6050 Valderøy

Hjemmeside

KONTAKTPERSON

President & CEO Håvard Sætre tlf. 915 49 431 / Rådgiver Kirsti Kalseth Sjøhaug tlf. 977 31 680

Søknadsfrist: 25.10.2018

Tiltredelse: etter avtale

Varighet: Fast

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.