Yara Birkeland kontrakt til Brunvoll
PRESTISJE: Brunvollpropellar skal sikre både framdrift og manøvrering av Yara Birkeland.
Nytt

Yara Birkeland-kontrakt til Brunvoll

Prestisjeoppdrag i boks.

20.02.2019
Brunvoll skal levere to azimuth thrustarar og to tunnelthrustarar til det sjølvgåande og batteridrivne lasteskipet Yara Birkeland.
Azimuth trustar er propellar på ein dreibar sokkel under skipet medan tunnelltrhustarane er propellar innfelt i skroget. Det betyr at Brunvollpropellane skal sikre både framdrift og manøvrering av skipet.
Azimuth-trustharane er ein nyutvikla modell, PU 74. Kontrakten er den andre Brunvoll inngår for denne modellen. Frå før har Brunvoll kontrakt på å levere 10 slike azimuth propeller til fem ferger for Fjord1 som er under bygging ved Havyards verft i Leirvik.
Jørgen Eide i marknad og kommunikasjonsavdeling i Brunvoll seier selskapet ikkje vil opplyse storleiken på kontrakten. Det viktigastre for selskapet er prestisjen ve å få levere tid det mykje omtalte sjølvgåande lasteskipet, samt at dette er den første leveransen til lasteskip for PU 74.

Publisert: 20.02.2019 13:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31