Yacht kontrakt til Ulsteinselskap
AVTALE: Yacht-avtalen i boks for Ulstein Power & Control. Frå venstre administrerande direktør Gunnar H. Hide, salskoordinator Rakel Skram Aasen og prosjektingeniør Tore Ringstad.
Nytt

Yacht-kontrakt til Ulsteinselskap

Ulstein Power & Control skal levere ein stor utstyrspakke til yachten Ulstein Verft skal byggje.

23.02.2017
Leveransen til yachten inkluderer fleire komplette pakkar med system for automasjon, overvaking og kontroll, kommunikasjon, integrert bruløysing, distribusjon og propulsjon av kraftsystem , dynamisk posisjonering og kraftkontrollsystem, skriv Ulstein Power & Control i ei pressemelding.
Storleiken på kontrakten er ikke opplyst, men det er snakk om eit større oppdrag for selskapet.
- Kontrakten vil sikre oss mykje godt arbeid. Det har vore tett konkurranse med mange store aktørar, og at vi får levere heile denne pakken viser at vi ikkje berre er konkurransedyktige på pris, men også ved at vi kan levere topp moderne system og løysingar som førebur skip på den digitale framtida, seier Hide i meldinga.

Verdifulle data

Kommunikasjonsystemet ombord vil mellom anna gjere det råd å hente informasjon om drifta som kan analyserast og brukast til å planlegge vedlikehald og til å drive skipet mest mogleg effektivet.
Hide seier kontrakten omfattar alle produkt som Ulstein Power & Control har i marknaden.

Gjennombrot

Avtalen om å bygge yachten vart offentleggjort i november i fjor. Den blir 88,5 meter lang og 16,3 meter brei og skal leverast i mars 2018.
Kven som er kjøparen er ikkje opplyst, ut over at det er "ein av verdas største reiarar innan handelsflåten".

Både Ulstein Verft og Ulstein Power & Control er dotterselskap i Ulstein Group.
Under Nor-Shipping 2015 varsla konsernet av det ville satse mot yacht-marknaden. Yachten Ulstein Power & Control skal levere utstyr til er gjennombrotet i yacht-marknaden.

Publisert: 23.02.2017 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06