World Wide paa sparebluss
LÅG PRIS: Kostprisen for dagens eigarar av dei seks forsyningsskipa til World Wide Supply er no nede i 27,5 millionar dollar for heile flåten.
Nytt

World Wide på sparebluss

Heile flåten i opplag og selskapet på sparebluss.

28.03.2017
Driftsinntektene i Word Wide Supply var berre 2,8 millionar kroner i fjerde kvartal i fjor.
Alle seks av dei karakteristisk gule forsyningskipa ligg no i opplag.

Driftsinntektene i 2016 enda på 108 millionar kroner, og resultatet før skatt blei minus 167 millionar kroner.

Selskapet skreiv ned verdien av flåten med ytterlegare 224 millionar kroner i fjerde kvartal i 2016. I løpet av 2015 og 2016 er nedskrivingane til saman på over 950 millionar kroner.
Tidlegare i vinter vart alle seks skipa kjøpt av eit gruppe av obligasjonslångivarane for til saman 27,5 millionar dollar. Blant dei som kjøpte var den kjende investoren Øystein Stray Spetalen.

Publisert: 28.03.2017 16:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07