I september varsla World Wide Supply at selskapet ikke lenger oppfylde lånevilkåra, og hyrde inn meklarhuset Pareto og advokatfirmaet Selmer for å finne ei løysing.
No har selskapet sendt eit framlegg til obligasjonslångivarane om korleis selskapet skal kome seg ut av krisa.
Planen innehelde konkrete tiltak for å redusere gjelda og auke kontantstraumen inn i selskapet. Planen har og tiltak for å få dei fire skipa som ligg i opplag ut i arbeid og kutte kostnadar i drifta.
World Wide Supply har eit obligasjonslån på 150 millionar dollar, som forfell til betaling i 2017.
Eitt av vilkåra i låneavtalen er at selskapet skal ha ein tilgjengleg likviditet på 7,5 millionar dollar. Ved utgangen av august var den tilgjenglege likviditeten knappe 5,6 millionar dollar, ligg framleis under kravet og ser til å bli liggande under slik dagens marknad er.
Skjer ikkje det tek långivarane over kontrollen. Det er bakgrunnen for kriseplanen frå World Wide Supply, som selskapet no satsar på å få obligasjonlångivarane og aksjonærane med på.
Les også: og
Selskapet har seks plattformforsyningsskip som alle blei levert frå Damen Shipyards i 2013.
Største aksjonær er J. O. Odfjell med 14,6 % føre Lundhs Labradorieeksport med 11,12 %. Andre større aksjonærar er Nordvestor Aktiv, Sydvestor, Frydenbø Invest, Hareid Elektriske og Gjerde Invest.
No har selskapet sendt eit framlegg til obligasjonslångivarane om korleis selskapet skal kome seg ut av krisa.
Planen innehelde konkrete tiltak for å redusere gjelda og auke kontantstraumen inn i selskapet. Planen har og tiltak for å få dei fire skipa som ligg i opplag ut i arbeid og kutte kostnadar i drifta.
Ber investorane seie ja
Dagleg leiar Frede Uldbæk skriv i ein epost til NETT NO at han meiner det er i alle investorane - både aksjonærar og obligasjonslångivarer - si interesse at tiltaksplanen blir godkjent, slik at det er grunnlag for vidare drift.World Wide Supply har eit obligasjonslån på 150 millionar dollar, som forfell til betaling i 2017.
Eitt av vilkåra i låneavtalen er at selskapet skal ha ein tilgjengleg likviditet på 7,5 millionar dollar. Ved utgangen av august var den tilgjenglege likviditeten knappe 5,6 millionar dollar, ligg framleis under kravet og ser til å bli liggande under slik dagens marknad er.
Frist til 20. november
23. oktober skreiv Nordic Trustee (tidlegare Norsk Tillitsmann) til World Wide Supply og varsla at selskapet har frist til 20. november med å oppfylle lånevilkåra.Skjer ikkje det tek långivarane over kontrollen. Det er bakgrunnen for kriseplanen frå World Wide Supply, som selskapet no satsar på å få obligasjonlångivarane og aksjonærane med på.
Trøbbel i Brasil
Vanskane til World Wide Supply skaut fart då to av skipa til reiarlaget i august ikkje fekk fornya sertifikata sine og vart utestengt frå det brasilianske marknaden. Andre norske reiarlag har fått dei same problema, men World Wide Supply er selskapet som var mest sårbar for den brasilianske politikken.Les også: og
Selskapet har seks plattformforsyningsskip som alle blei levert frå Damen Shipyards i 2013.
Største aksjonær er J. O. Odfjell med 14,6 % føre Lundhs Labradorieeksport med 11,12 %. Andre større aksjonærar er Nordvestor Aktiv, Sydvestor, Frydenbø Invest, Hareid Elektriske og Gjerde Invest.
Publisert: 30.10.2015 20:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48






