Westing lukkast med omlegginga
EGGESBØNES: Frå venstre Kurt Inge Karlsen (salsssjef, nybygg og prosjekt) John Knutsen (dagleg leiar) og Steinar Nupen (salssjef).
Nytt

Westing lukkast med omlegginga

Er no største distributør for målingsgiganten Akzo Nobel i Europa.

21.03.2019
- Først måtte vi drive lokal brannsløkking etter at vi miste avtalen med Jotun. Deretter la vi om organisasjonen til å vere meir salsretta, og vi satsa på vekst ved å få heile norskekysten som marknad.
- Det er gledeleg å sjå at vi har lukkast etter nokre tøffe år.
Det seier dagleg leiar John Knutsen i målingsleverandøren Westing i Herøy.

Kraftig omsetningsvekst

Selskapet fekk i 2013-2014 to nedturar i fleisen samstundes. Først vart samarbeidet med norske Jotun avslutta, samstundes som ein også vart ramma av offshorenedturen.
Inn kom i staden nederlandske Akzo Nobel Coatings, der Westing vart eksklusiv representant for International Marine i heile Norge.
- Etter at Akzo Nobel kom inn, har vi auka omsetninga med meir enn 50 prosent. I fjor bikka vi 60 millionar kroner i omsetning, seier Knutsen.

Skal auke staben

Selskapet har no avdelingskontor i Harstad, Bergen og på Rubbestadneset, i tillegg til å ha lager i Ålesund og på Eggesbønes.
Staben er gradvis auka, og er no oppe i 22.
- Vi ser no etter fleire tilsette, seier Knutsen.

Henta inn frå Akzo Nobel

Han kom sjølv frå Akzo Nobel våren 2016, der han var marknadssjef i Norden.
- Jotun-avtalen la sterke avgrensingar på Westing sin aktivitet. Avtalen med Akzo Nobel opna for at Westing tok rolla som nasjonal aktør med ansvar for både vedlikehald, reperasjonar og nybygg.
- Vår erfaring og kjennskap til marknaden gjennom snart 40 år, saman med vårt fokus på effektiv logistikk og nærheit til kundane er nøkkelfaktorar for at vi har lukkast, seier Knutsen.

Sel også til utlandet

Han seier at selskapet også no sel ein god del måling til utlandet.
- Dette er kundar som tek dokking og gjennomfører anna arbeid ved utanlandske verft. Då står vi som leverandør, sjølv om produkta vert levere gjennom Akzo Nobel sitt internasjonale salsapparat.
- Akzo Nobel har over 650 lokasjonar globalt, seier Knutsen.

Akzo Nobel-ros

I ei pressemelding rosar salsdirektør Andrew Hopkins ved Akzo Nobel samarbeidet med Westing.
Han opplyser at samarbeidsmodellen med Westing som eksklusiv partner i Norge no vert rulla ut i andre land i Europa.
- Ettersom vi har lukkast så godt med denne modellen i samarbeid med Westing, så er vi no godt i gong med å vidareføre dette til andre land og regionar.
- Då brukar vi Westing som best case scenario, seier Hopkinson, i pressemeldinga.
Vi ser no etter fleire tilsette

Publisert: 21.03.2019 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32