Westing avtale i Danmark
UTVIDAR: Sigurd Teige utvidar Westing-satsinga på marin maling til Danmark.
Nytt

Westing-avtale i Danmark

Etablerer dansk avdeling for å selje måling i den danske marknaden.

15.01.2021
Westing er distributør av marin måling frå AkzoNobel i Noreg.
No har selskapet inngått ein liknande avtale for den danske marknaden, skriv Westing i ei pressemelding.
I første omgang skal selskapet tilsette ein sjef for den danske verksemda, som skal drivast frå eit kontor og lager på austkysten, heiter det i pressemeldinga.
Målingsleverandøren Westing i Herøy har auka omsetninga med meir enn 50 prosent sidan 2015, og ser optimistisk på det komande året sa eigar Sigurd Teige til NETT NO i desember 2020.

Teige sa at 2020 blei eit meir krevjande år enn dei hadde sett føre seg. Det meste låg til rette for at det skulle blir eit år med rekordhøge inntekter og vekst i lønnsemda. Men det var før koronapandemien slo til.
– Denne pandemien har forskyve mange prosjekt, så både omsetning og resultat blir lågare enn vi håpa på, sa han til NETT NO om 2020.
På papiret blei 2019 eit rekordår med 74 millionar i omsetning og 7,4 millionar i resultat før skatt. Teige påpeiker at ein betydeleg del av overskotet – 6,8 millionar ifølgje årsrapporten – kom frå sal av eit lagerbygg og tomt.

Publisert: 15.01.2021 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12