Westcon vann hydrogenkontrakt
HYDROGEN SOM DRIVSTOFF: Slik kan hydrogenferja til Norled bli sjåande ut. 
Nytt

Westcon vann hydrogenkontrakt

Skal byggje hydrogenferje for Norled.

12.09.2019
NPK: Reiarlaget Norled i Stavanger og det Ølen-baserte skipsverftet Westcon i Rogaland har skrive kontrakt for bygging av to nye ferjer, kor den eine er den første bilferja i verda som seglar på hydrogen. Den andre blir ei batteridriven ferje.
– Vi meiner at dette byggeprosjektet vil bidra til at norsk maritim sektor totalt sett kan vere i front òg på hydrogendrivne ferjer, seier teknisk direktør Sigvald Breivik i Norled i ei pressemelding.

– Dette er ein stor og viktig kontrakt for oss i Ølen. Å få vere med å bygge det som vil bli ei verdsnyheit, gjer at vi ikkje berre fyller opp ordreboka vår, men bidreg også til at vi styrkar posisjonen vår som eit verft med høg innovasjons- og teknologikompetanse, seier direktør for skipsbygging Endre Matre i Westcon i pressemeldinga.
Dei to ferjene som Westcon skal bygge for Norled skal etter planen trafikkere riksveg 13 ferjesambandet Hjelmeland – Skipavik – Nesvik i Ryfylket frå våren 2021. Norled bygde også den første batteridrivne ferja i verda, MF Ampere, i 2014.

Stor interesse og pågang

I januar skreiv Norled kontrakt med Statens vegvesen om å bygge og drifte ein heilt ny type nullutsleppsferje basert på hydrogen som drivstoff. Teknisk direktør Sigvald Breivik fortel at interessa og pågangen etter dette har vore stor frå både inn- og utland. Dei er nøgde med avtalen dei har gjort med Westcon i Ølen.
– Verftet har solid kompetanse innan miljøteknologi, og har bevist at dei har gode samarbeidsrelasjonar inn mot til andre sentrale aktørar i dette prosjektet, seier Breivik.
Den nye hydrogenferja er eitt av dei største innovasjonsprosjekta for både Westcon og Norled. Westcon fortel at verftet og underleverandørar vil sysselsette om lag 150 personar på det meste til å bygge dei to ferjene som skal stå klare i mars og mai 2021.

Norske underleverandørar

Verftet vil for det meste benytte seg av norske underleverandørar på skipsutstyrssida, medan delar av hydrogensystemet vil bli kjøpt inn frå Europa.
Ferjene skal ha ein kapasitet på 299 passasjerar og 80 bilar.
Hydrogen som nullutslepps drivstoff skal ifølgje Norled vere betre eigna til å levere større mengder energi til framdriftssystema på ferja, og det kan utnyttast til å auke seglingsdistansen eller til å ha høg fart, som på hurtigbåtar.
Norled har ein ambisjon om at den kommande hydrogen-ferja i enno større grad vil setje Noreg på kartet innan maritim nullutsleppsteknologi og vil demonstrere at hydrogen kan nyttast på energikrevjande samband kor batteri-teknologi ikkje er nok åleine.
Reiarlaget har tidlegare opplyst at flytande hydrogen skal fyllast på ein tank om lag så stor som på ein tankbil, og at ferja skal kunne gå i tre veker utan å måtte fylla. Ferja får også elektrisk drift, sidan det er eit krav i kontrakten frå Vegvesenet, og dieselgeneratorar som kan gå på biodiesel.

Publisert: 12.09.2019 10:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35