Wenaas og Storeide satsar paa Nordfjordeid
BYGGING: I starten gjekk det tregt å få aktivitet til Eid Industripark, men no blir det nye butikkar der. Wenaas Kapital har også sikra seg opsjon på å kjøpe det resterande arealet seier dagleg leiar Svein Otto Melheim i det kommunale eigedomsselskapet Eid Industrihus.
Nytt

Wenaas og Storeide satsar på Nordfjordeid

Digernesutbyggar Wenaas Kapital og Kjell Storeides selskap Borgund Industri satsar på handel på Nordfjordeid.

08.02.2019
Saman med Rema-konsernet er Wenaas Kapital i gang med å bygge ein Rema-butikk og ein Europris-butikk like ved Eid sentrum. Målet er opning i haust. Det er også målet for Lunden Handelspark, som skal reise eit bygg som mellom anna skal huse ein Kiwi-butikk.
Rema/Wenaas Kapital kjøpte i fjor ei tomt på ni mål i Eid Næringspark frå det kommunale eigedomsselskapet Eid Industrihus, der Rema og Europrisbutikken no er under bygging. Tomta er ein del av eit 40 mål stort område aust for sentrum som kommunen har sett av til mellom anna storhandel-verksemd.
Lunden Handelspark, med Kjell Storeide, Andor Hovden og H I Giørtz & Sønner som eigarar, eig eit anna område ved hovudvegen litt nærare sentrum, med bilforretninga Auto Vest som nabo. Der skal det står ferdig to bygg tett i tett, med Kiwi-butikk i det eine og ein førebels ikkje offentleggjort leigetakar i det andre.

Handelsvekst

Eid kommune og handelsnæringa har satsa på å trekkje til seg handel dei siste åra.

I 2016 dobla Amfi Norfjordeid arealet og fekk inn nye butikkar. Dei samla inntektene til butikkane i senteret auka med over 80 prosent frå 2016 til 2017, til 361 millionar kroner. Frå 2017 til 2018 var auken 4,1 prosent, til 376 millionar kroner.
Senteret er ein del av Thon Gruppen sin kjøpesenterkjede og var rangert som det 51. største i fjor, like bak Amfi Ørsta på 48. plass, med 384 millionar kroner i driftsinntekter.
Etter at Amfi Nordfjordeid dobla arealet er også Biltema kome på plass med butikk på Eid.
Både Biltema og Amfi Nordfjordeid ligg ved sjøen, like ved den gamle handlegata i Eid sentrum. Der er det no lang på veg fullt, og Wenaas/Rema og Storeide med partnarar satsar aust for Eid sentrum.

Sikra seg opsjon

Wenaas Kapital har også sikra seg opsjon på å kjøpe resten av arealet i Eid Næringspark, cirka 25 mål.

Berre ein liten del av Eid Næringpark var seld i starten, men i 2017 kom mellom andre Wenaas Kapital på banen.
Wenaas Kapital er og inne i utbygging av handels- og næringsområde i Giske kommune, i tillegg til satsinga i Nordfjord og den store utbygginga i Digernesskiftet i Skodje.
Dagleg leiar Svein Otto Melheim i Eid Industrihus fekk 7,6 millionar kroner for det ni mål store arealet som blei selde til Rema/Wenaas Kapital i fjor.

Tetta lekkasje

Storeide er styreleiar i Moengården Vest som har bygd kjøpesenteret til Thon Gruppen på Nordfjordeid og og sto for bygging av bygget som no huser Biltema.
Storeide, som tidlegare har vore toppsjef i Stokke, seier handelslekkasjen frå Nordfjordeid til mellom anna butikkane i Ørsta og Furene i Volda og til Førde no er tetta for ei rekkje varer.
Han meiner det likevel er rom for ytterlegare vekst i handelsnæringa i og ved Eid sentrum og anslår at handelsnæringa i Eid når eit område med eit innbyggjartal på mellom 30.000 og 35.000 personar.

Liv og røre

Handelsnæringa på Eid kan få litt ekstra drahjelp i år. Etter å ha arbeidd med å etablere Nordfjord som ei cruisehamn i fleire år kjem omsider dei første cruisebåtane til kai i sommar.

21 båtar med i alt 55.000 passasjerar skal legge til kai årets sesong.
I vår opnar og vikingsenteret Sagastad Nordfjord, med ein kopi av vikingskipet som vart funne i ei gravrøys. Det over 30 meter lange vikingskipet er snart ferdig bygd, og blir hovudattraksjonen i vikingsenteret.

Publisert: 08.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31