Waves4 Power paa pengejakt
KONGEN KOM: Waves4Power-sjef Jonas Kamf (t.h.) med H.M. Kong Harald og Arthur Peterson Kiefer i Fosnavunder den offiselle opninga av bølgjekraftverket til Waves4Power ved Runde i september 2017. Peterson Kiefer var med på opninga etter å ha vunne ein teiknekonkurransen om framtidas bølgjekraftverk. Etter at to av fortøyingane gjekk av i fjor har bøya ligge på land.
Nytt

Waves4Power på pengejakt

Då to av fortøyingane til bølgjekraft-bøya ved Runde gjekk av i fjor måtte Waves4Power avlyse kapitalutvidinga. No er selskapet på pengejakt på ny.

23.01.2019
Målet er å reise mellom 130 og 170 millionar kroner i ny kapital, i følgje Jonas Kamf. Han blei toppsjef i selskapet frå årskiftet og håpar å ha kapitalutvidinga på plass innan 1. april i år.
Akkurat kor stor emisjonen blir er ikkje avgjort. 130-170 millionar kroner er det som skal til for å reparere og bygge om bøya som måtte leggast på land i fjor, fullføre arbeidet med å utvikle neste generasjon bøye og plassere ut selskapet sin første bølgjekraftpark innan tre år, med sju bøyer.
Ein rein emisjon er eitt alternativ, men det kan og bli aktuelt å kombinere ein emisjon med eit partnarskap der partnaren er med og finansierer den første bølgjekraftparken direkte, i følgje Kamf.

Tilbakeslag

I fjor sommar arbeidde Waves4Power for å hente inn 30 millionar kroner.

Men då bøya ved Runde enda på land blei det ikkje noko av den emisjonen, seier Kamf. I tillegg til at selskapet måtte avlyse kapitalutvidinga kosta fortøyingane som gjekk av selskapet både tid og pengar.

Kongen kom

Waves4Power er eit svensk selskap som har arbeidd med å utvikle eit bølgjekraftverk i lang tid.
I september 2017 slo selskapet på stortromma, med offisiell opning av det første bølgjekraftverket sitt - rett nok berre med ei bøye - ved Runde. H.M. Kong Harald sto for opninga.

Etter planen

Planen til Waves4Power var å bruke industrihallen på Fiskåholmen i Vanylven til å montere bøyene.
Men forseinkingane har gjort at leigeavtalen for hallen er gått ut, og Vanylven kan om kort tid ha fått på plass ein ny leigetakar i bygget.

Om ikkje Vanylven skulle vere aktuell er det alternative stadar for montering, seier Kamf.

Publisert: 23.01.2019 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30