WWS eigarane seier ja til sal
EIT TILBOD DEI IKKJE KUNNE AVSLÅ: Aksjonærane i World Wide Supply fekk valet mellom å selje aksjane eller at selskapet vart slått konkurs.
Nytt

WWS-eigarane seier ja til sal

96 prosent av aksjonærane seier ja til at långivarane tek kontrollen i World Wide Supply.

21.12.2015
Långivarane bak obligasjonslånet på 150 millionar dollar baud før helga dei eksisterande aksjonærane i offshorereiarlaget World Wide Supply å kjøpe aksjane i selskapet i staden for å slå selskapet konkurs.
Kravet var at eigarane av minst 51 prosent av aksjane takka ja. Det målet er nådd i god tid før svarfristen går ut i dag, mandag 21. desember klokka 17.00, i følgje ei børsmelding.
Tidlegare i ettermiddag varsla selskapet at minst 51 prosent takka ja.
No varslar selskapet at 96 prosent har takka ja.


Seks øre aksjen

Prisen er mellom seks og ti øre pr. aksje. Det verdset World Wide Supply til mellom 1,0 og 1,75 millionar dollar.
Artikkelen blir oppdatert
Kor mykje aksjonærane til slutt får for aksjane sine kjem an på kor mange som til slutt seier ja til å selje. Prisen kjøparane vil legge på bordet aukar dess fleire som seier ja, opp til 10 øre pr. aksje - som tilsvarar 1,75 millionar dollar for heile selskapet. Med ja frå 96 prosent av eigarene blir prisen 10 øre pr. aksje.

150 millionar dollar

World Wide Supply, med seks skip i flåten, har eit obligasjonslån på 150 millionar dollar, og det er eigarane bak 65,7 prosent av dette låne som no tilbyr aksjonærane å kjøpe aksjane etter at World Wide Supply ikkje lenger greidde å overhalde lånevilkåra.

18 prosent rente

Obligasjonseigarane bak bodet har oppretta eit eige selskap - WWS Recovery as - for å kjøpe og eige aksjane i World Wide Supply.
Dette selskapet skal også låne World Wide Supply mellom fem og 20 millionar dollar for å halde drifta gåande. Lånet skal vere femårig, renter skal betalast kvar halvår og renta skal vere inntil 18 prosent.

Lånet skal og stå først i køa om World Wide Supply tener pengar og har kontantar. Først når långivarane har fått betalt sine 18 prosent skal det brukast pengar på å betale på det store lånet på 150 millionar dollar.


Publisert: 21.12.2015 16:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51