Volt skal byggje slaktebaatar
VEKST: Even T. Remøy i Volt Service trur på ein veksande marknad for slaktebåtar til oppdrettsnæringa. Vil bestille tre.
Nytt

Volt skal byggje slaktebåtar

Volt Service planlegg å få bygd tre slaktebåtar til oppdrettsnæringa.

24.05.2018
Same dag som han arrangere skipsdåp for arbeidsbåten "Volt Processor" fortel Even T. Remøy at Volt Service er ute i marknaden og forhøyrer seg om pris på tre 28 meter lange og 11 meter breie slaktebåtar.
- Før sommaren, seier Remøy om når han håpar å skrive kontrakt om bygging av dei tre fartya.

Oppdrettsatsing

Volt Service ble skipa i november 2016 og er selskapet eigarane i Remøy Management organisere satsinga si på oppdrettsnæringa gjennom. Drifta av skipa skal Remøy Management stå for.

På eigarsida i Volt Service er og Robert Søviknes, som er dagleg leiar i leppfiskselskapet Søsand Leppefisk i Haram.
43 meter lange "Volt Processor" var den første kontraheringa til selskapet. Den blei bestilt i fjor vinter, og blir døypt klokka 15 i dag.

Har reservasjonar

Remøy seier Volt Service har reservasjonar på to av dei tre slaktebåtane.
Båtane skal pumpe fisken ombord frå merdene, bedøve og bløgge den ved oppdrettsanlegget før fisken blir frakta til slakteri for vidare bearbeiding.
Remøy trur dette er ein marknad som vil vekse. Grunnen er mellom anna at denne måten å slakte på reduserer antall operasjonar fisken må gjennom før den blir slakta og fordi det går an å frakte meir fisk etter slakting enn om den må oppbevarast levande i tankar på veg til slakteriet.

Publisert: 24.05.2018 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22