Volda faar nytt mediebygg til 200 millionar
VOLDA: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø serverte ei gladnyheit under opninga av studieåret i Volda: Nytt mediebygg på høgskulen. 
Nytt

Volda får nytt mediebygg til 200 millionar

Bygget skal stå klart i 2021.

20.08.2019
NPK-NTB: Høgskulen i Volda (HVO) får eit nytt mediebygg til vel 200 millionar kroner.
Nyheita til glede for mange mediestudentar og tilsette vart sleppt av statsråd Iselin Nybø på besøk i Volda tysdag formiddag, under opninga av det nye studieåret.
– Endringane i mediebransjen har dei siste åra gått raskt.
- Då er det viktig at den leiande medieutdanningsinstitusjonen i landet får eit bygg som gjer det lettare for studentar og forskarar å boltre seg i desse kommunikasjonsutfordringane og moglegheitene, seier forskings- og høgare utdanningsminister Nybø (V).
Det nye mediebygget er dimensjonert for 470 studentar og 50 tilsette. Statsbygg er byggherre, og HVO står for finansieringa av byggeprosjektet i form av husleige.

Publisert: 20.08.2019 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38