Vision of the Fjords til topps
UNIVERSELT BEST: Statsråd Solveig Horne (i midten) deler ut Innovasjonsprisen for universell utforming til (frå venstre, med plakett) dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa, designar Torstein Aa og kaptein John Nauckhoff frå The Fjords. Heilt til venstre juryleiar John Arne Bjerknes. 
Nytt

Vision of the Fjords til topps

Brødrene Aa håvar inn ny pris for sightseeings-fartyet sitt.

17.10.2017
Sightseeingsfartyet "Vision of the Fjords" får Innovasjonsprisen for universell utforming.
Skipsbyggarane i Hyen vart i fjor heidra med tittelen "Årets skip" for sin batteri- og dieseldrivne sightseeingskatamaran "Vision of the Fjords".

No får skipet prisen for utviklinga av eit skip som kan brukast av alle, uavhengige av handicap.
Prisen blei delt ut av barne og likestillingsminister Solveig Horne i ettermiddag.

Konkurransefortrinn

– Verftet Brødrene Aa har gjort universell utforming til eit konkurransefortrinn, og har i dag eit ledende kompetansemiljø både nasjonalt og internasjonalt. Dette bidrar til at dei kan skape verdiar og arbeidsplasser – og ikkje minst unike båtar som er betre for alle passasjerar, seier Onny Eikhaug i Design og arkitektur Norge (DOGA).
Innovasjonsprisen for universell utforming bl

ir

delt ut av DOGA på oppdrag fra Barne- og likestillingsdepartementet (BLD). Prisen går til oppdragsgivarar, arkitektar og designarar som har utvikle nyskapande og inkluderande løysningar.
Vision of the Fjords vann hovudprisen i konkurranse med netthandelen Kolonial.no, barneavisa Aftenposten Junior, nettsida og mobilappen til Finn.no, eit garderobeanlegg på Solvik camping, Hamaren aktivitetspark og den lyddempende filten FeltRoll frå Ålesundsbedrifta Rom & Tonik.

Publisert: 17.10.2017 19:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15