Vindkraft har blitt milliardbutikk for Ulstein
PRØVETUR: Windea Jules Verne la ut på prøvetur tysdag. Skipet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt – litt lengre enn dei to tidlegare skipa til reiarlaget - og av designtypen SX 195.
Nytt

Vindkraft har blitt milliardbutikk for Ulstein

Skip nummer fem frå Ulstein verft til vindkraftmarknaden er i desse dagar ute på prøvetur. Dei siste åra har konsernet omsett for milliardar i den nye marknaden.

Marius Rosbach
05.03.2020
I desse dagar er det nyaste skipet utrusta ved Ulstein verft ute på prøvetur i sunnmørske farvatn. Skipet som snart skal ut i arbeid ved havvindparken Merkur Offshore, skal heite Windea Jules Verne, etter den kjende forfattaren.
Skipet la tysdag ut på sin første prøvetur, stadfestar organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim til NETT NO.
I løpet av kort tid skal både dette skipet og leverast frå verftet.

Les også:


Vindskip for meir enn to mrd.

Vindskipet er det femte skipet i rekka som Ulstein leverer til havvindmarknaden – og det tredje til Bernhard Schulte, sidan den første kontrakten kom i hamn for drygt fem år sidan. Tidlegare har reiarlaget fått overlevert skip i 2016 og 2017. Ulstein har også utrusta to skip til Acta Marine ved verftet.

Då den første kontrakten med Bernhard Schulte blei inngått i 2015, anslo NETT NO ein pris på 400 millionar.
Dei seinare skipa er større og har meir utrustning - som tilseier at prisen er høgare. Eit forsiktig anslag tilseier ein samla kontraktsverdi på kring 2,2 milliardar for dei fem skipa.
I tillegg har Ulstein Design & Solutions levert design til skipet Seaway Moxie, som er eit hjelpefartøy for installasjon av vindkraftanlegg. Eit plattformforsyningsskip er også redesigna for å kunne nyttast som eit walk-to-work-skip i vindkraftindustrien.

Ny marknad med vekstmoglegheiter

Markedet for serviceskip til vindkraft har vekse fram i kjølvatnet av offshorekrise som slo inn i 2014. Ulstein er mellom skipsbyggjarane som har kapra mest av denne marknaden av norske verft.
- Det at vi har etablert oss i marknaden for offshorevind og tatt ein stor marknadsandelar har vore viktig for oss i den tøffe omstillinga vi har vore igjennom, seier Solheim til NETT NO.
Vestlandsmeldinga 2020 påpeiker at eksportmarknaden for leverandørindustrien til fornybarbransjen, har hatt stor vekst dei siste fem åra. Norske aktørar har kring fem prosent av marknaden på havvind, der veksten har vore størst.
, viser at spesielt bedrifter på Vestlandet kan vente vekst her dei neste åra. Det Internasjonale Energibyrået ventar årlege investeringar på 450 til 550 milliardar kroner i marknaden fram til 2040.

Les også:


Norsk Industri-sjefen:


Kabelskip står for tur

Etter at Ulstein har levert dei to skipa dei har inne til utrustning nå, står eit til å bli utstyrt ved verftet. Kabelskipet er designa av Skipsteknisk i Ålesund og er med sine 149 meter, eit av dei største skipa verftet har levert nokon gong.
Berre passasjerferja Color Hybrid og offshoreskipet Island Venture med sine 160 meter som har vore lengre.
Sunnmøringane tapte eigentleg kampen om å utruste kabelskipet på pris i første omgang. Jobben gjekk til eit verft i Kroatia, men etter at byggeverftet fekk økonomiske problem, .

Les også:




Publisert: 05.03.2020 06:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53