Vil utvikle framtidas fiskebaat
NYE TANKAR: Forskingssjef Agnes Gundersen i Møreforsking arbeider med å utvikle framtidas fiskebåt.
Nytt

Vil utvikle framtidas fiskebåt

Framtidas fiskebåt blir heilt annaleis enn vi kjenner den i dag.

05.01.2018
- Vi må tenke utanfor boksen, seier forskningsleiar Agnes Gundersen i Møreforsking om korleis fiskebåtane skal sjå ut i framtida.
Saman med mellom andre Sintef og NTNU er Møreforsking involvert i utvikling av fiskefarty som skal vere meir fleksible og alllsidige i kva dei kan produserere ombord. Målet er at marine næringar skal trekkje vekslar på kompetansen i maritime bedrifter for å finne nye løysingar.
I dag presenterte Gundersen hovudmåla Møreforsking arbeider med når det gjeld fiskerfarty, på Fosnavågkonferansen i Herøy.

Plattform

Framtidas fiskebåt med ombordproduksjon blir meir ein produksjonsplattform enn eit tradisjonelt fiskefartøy, meiner Gundersen.
Fiskefartya må kunne tilby eit meir variert produktspekter enn i dag, til dømes fleire typer filetprodukt. Og utnytting av restråstoff krev at du skal få inn laboratorieteknologi i eit skip som bevegar seg, medan teknologien i utgangspunktet er bygd for å stå stille på land.
Begge deler krev utvikling av løysingar som er betre tilpassa plassering ombord i eit skip, men og skip som er betre tilpassa utstyret.

Fleksibilitet

Gundersen meiner framtida fiskefarty med ombordproduksjon også kan bli meir fleksible enn i dag, for eksempel ved at deler av produksjonsanlegga ombord enkelt kan byttast ut, alt etter kva slags fiske fartyet skal drive.
Ho vil også har meir automatiserte produksjonsanlegg ombord. Meir automatisering har ein dobbel effekt. Det reduserer mannskapsbehovet, som for det første betyr reduserte kostnadar og for det andre betyr at det trengst mindre plass til lugarar til mannskapet.
Den ekstra plassen betyr meir plass til produksjon.

Publisert: 05.01.2018 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11