Vil utvikle automasjon campus
VIL STYRKE AUTOMASJON-MILJØET:  Kristine Dahl, Stad 2020, Åslaug Krogsæter, Svein Rotevatn, Nordplan, Trond Haavik, Segel, Alfred Bjørlo, Eid kommune, Rebekka Borsch, Kunnskapsdepartementet, Jarle Melheim, Caverion, Ove Lillestøl, Eid vidaregåande skule, Tore Hjelle. Eid Elektro. 
Nytt

Vil utvikle automasjon-campus

Automasjon- og elektromiljøet i Nordfjord vil knyte seg tettare til forskingsmiljø og auke innovasjonstakta.

19.06.2018
- Om vi skal hevde oss i den raske utviklinga som no skjer, må det tenkjast heilt nytt. Vi må få til endå tettare samarbeid og høgare innovasjons-takt i heile bedriftsmiljøet, og eit nært samspel med forskings- og utdanningsmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier dagleg leiar Hans Inge Solheim i Normatic i ei pressemelding.

Campus på Eid

I følgje pressemeldinga snakkar Solheim i Normatic på vegne av ei gruppe elektro- og automasjonsbedrifter i Nordfjord.
Dei vil etablere ein virtuell arenar for læring og innvoasjon, der både bedrifter, høgskular, innvasjonsmiljø og forsking- og utviklingsaktørar kan knyte seg til.
I tillegg vil dei skape eit fysisk senter som skal samle aktuelle bedrifter i området knytt til Nordfjord sjukehus og Eid vidaregåande skule.

Fleire saman

Saman med Normatic, er selskapa Caverion, Eid Elektro, Moderne Varme, Nordplan, Fjordvarme og Segel med på ein forstudie for å sjå korleis ein virtuell arena og eit fysisk senter skal skapast.

Publisert: 19.06.2018 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23