Vil ta opp kampen med Kina
ELLINGSØYA: Johannes Stette Høyberg og Jacob Høyberg satsar 30 millionar og tek opp kampen mot kinesisk klippfisk.
Nytt

Vil ta opp kampen med Kina

Mange har spådd at Kina ville konkurrere ut Norge på klippfisk. Men på Ellingsøya nektar dei å gi opp.

21.06.2018
- Ja, Kina er vår største konkurrent, men vi nektar å gi opp, og satsar no alt vi kan på å ta opp kampen med kinesiske produsentar.
Det seier dagleg leiar Jacob Høyberg i klippfiskprodusenten Jacob Bjørge.

Stor satsing

Selskapet tek i desse dagar i bruk 3.000 kvadratmeter nye lokale, i tillegg til ei heilt ny produksjonsline.

Les her:


- Dette har kosta oss rundt 30 millionar kroner. Det er vår største satsing i vår 80-årige historie, men vi gjer det fordi vi har tru på framtida, trass den bølgjedalen vi no er inne i.
Oppsparte midlar vert brukte til investeringa, i tillegg til støtte frå Innovasjon Norge.

Fiskarane leverer i utlandet

Satsinga kjem midt i ein periode der salet til hovudmarknaden Brasil har falle med 50 prosent.
I tillegg er det vanskeleg å få tak i råstoff frå norske båtar.
Høyberg meiner at det er noko feil med systemet når det er sterke restriksjonar på korleis norske fiskefartøy kan levere fangst i Norge, medan det så å seie er fritt fram å eksportere fangst direkte til utlandet.
- Mykje av torsken går rett til Storbritannia, spesielt med dagens kronekurs.

Kina-utfordring

Men hovudutfordringa er likevel at ei rekkje norske bedrifter har satsa på klippfiskproduksjon i Kina.
- Vi ønskjer ikkje å gå den vegen, der ein berre har eit frysehotell på land og sender fisken til Kina til vidareforedling.
- Vi ønskjer å skape aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunnet.

Etterlyser politisk drahjelp

Med investeringa i nye lokale og ny produksjonsline trur Høyberg at ein skal klare å ta opp kampen om den kinesisk-produserte klippfisken.
- Ja, vi er i alle fall godt motiverte til å ta opp den kampen.
Han etterlyser også betre drahjelp frå politikarane.
- Dette dreier seg mykje om vi skal ha produksjonsbedrifter i Norge eller ei.
- Etter mitt syn bør svaret på det vere eit klart ja, men det føreset at det også verte lagt betre til rette for dei som vil satse.
Vi ønskjer ikkje å gå den vegen, der ein berre har eit frysehotell på land og sender fisken til Kina til vidareforedling

Publisert: 21.06.2018 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00