Vil ta ein bit av cruiseindustrien
SIKKERHEITSOPPLÆRING: Ask Safety held mange ulike kurs. Her frå redningsøvelse med berging av pasient ved bruk av redningsgrind.
Nytt

Vil ta ein bit av cruiseindustrien

Ask Safety satsar på fleire segment og har etablert selskap i Orlando for å kunne køyre sikkerheitopplæring og kurs for cruisetilsette.  

Kristin Vidhammer
26.11.2016
- Dette er ein marknad i veldig vekst, med 40-50.000 tilsette i dei aller største cruisereiarlaga. Orlando er strategisk nært beliggjande to store cruisehavner i Florida. Det er vanskeleg å kome inn på cruiseindustrien, men eg har tidlegare jobba i denne næringa og har oppretthalde eit godt kontaktnett. Vi har allereie fått kontrakt med eit cruisereiarlag, og vi vil tilsette fleire folk i USA framover, seier Ask Safety-gründer Staale Brungot.
Sikkerheitkurs-selskapet håper inntekter frå cruisemarknaden skal kompensere for nedgongen innan offshore. Dei har også i mange år hatt tilsette på cruiseskip på kurs på treningssenteret i samband med at cruiseskipa legg til kai i Ålesund.
- Då har vi henta dei hit og mellom anna køyrd brannkurs for dei, seier Brungot.

Dømt nord og ned

Ask Safety driv sikkerheitsopplæring og kurs retta mot offshore- og maritim næring. Staale Brungot starta opp Ask Safety i Ålesund i 1995.

- Vi var det einaste privateigde selskapet den gong og det var mange som dømde oss nord og ned. Men vi har prøvd heile tida å ha to bein å stå på, både olje/gass og den maritime næringa. Vi er også godt posisjonert mot den maritime næringa og er størst i Norge på dette området, seier Brungot.
I fjor fekk selskapet driftsinntekter på 30 millionar kroner og eit resultat før skatt på 4,3 millionar kroner. I 2014 låg omsetninga også på 30 millionar, med eit resultat før skatt på 2,4 (sjå tabell).

Var tidleg ute og kutta kostnader

Sjølv om det er vekst innafor brønnbåt, hurtigruter, fiskeri og ferger eksempelvis, trur han likevel at 2017 blir eit tøft år på grunn av krisa i offshore og færre sjøfolk i denne næringa. Han trur også krisa vil vedvare nokre år.
- Men vi har vore tidleg ute å kutte kostnader, vi såg kva som skjedde. Derfor er vi tilfreds med dei økonomiske resultata i Ask Safety både i fjor og i inneverande år. Vi skal klare å kjøpe julegåver i år også, men vi vil fortsette å kutte kostnader, seier han.

Breitt spekter av kurs

Ask Safety har 40-45 ulike kurs som dei kan tilby, alt frå dagskurs til meir omfattande kurs over fleire veker. Kursa er innan HMS, brann, medisinsk, security, redning etc. Dei har no ca. 4.000 deltakarar på kurs og sikkerheitsopplæring kvart år.
- Ein sjøoffiser i dag skal ha utruleg mykje kompetanse. Eksempelvis har ein skipper eller styrmann også ansvar for hospital ombord og må ha medisinske kurs, seier Brungot.
Han, og andre frå Ask Safety, reiser mykje utanlands.
- Nyleg var eg på ein konferanse på Filippinane for å følgje med på komande regelverk. Vi ser på mulegheiter og nye marknader heile tida, og har også samarbeid med skular og treningssenter internasjonalt, blant anna i Manilla og Riga.
Selskapet har 17 fast tilsette, i tillegg til 30-40 innleigde ved behov.

Investert mykje i treningssenteret

Ask Safety har treningssenteret sitt i Gangstøvika og administrasjonsbygget ikkje langt unna i Larsgården.
- Vi har investert titals millionar kroner dei siste åra i Gangstøvika og har no god kapasitet, seier Staale Brungot.
Dei har 16 mål tomt og rundt 2.000 kvadratmeter i opplæringsbygget i Gangstøvika. Dei har også eit nytt flytebygg med treningsfasiliteter i tilknytning til anlegget. I Larsgården har dei 2,5 mål tomt og eit administrasjonsbygg på 900 kvadratmeter.
Ask Safety har no skilt ut eigedomane i eit eige eigedomselskap, og har etablert eit holdingselskap på toppen av selskapa innan drift og eigedom.
Det er Staale Brungot som er hovudaksjonær og styreleiar i Ask Safety Holding. I tillegg er styremedlemmane Erik J. Fladmark og Steinar J. Leganger med på eigarsida med henhaldsvis 29 og 20 prosent.
Vi har investert titals millionar kroner dei siste åra i treningssenteret vårt i Gangstøvika

Publisert: 26.11.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04