Vil straffe arbeidsgivar ved karantenebrot
OPPOSISJON-SAMLING:  Kjersti Toppe (Sp), Ingvild Kjerkol (Ap), Sylvi Listhaug (Frp) og Nicholas Wilkinson (Sv) under en pressekonferanse der opposisjonen har blitt samde om ni forslag mot importsmitte.
Nytt

Vil straffe arbeidsgivar ved karantenebrot

Opposisjonen samd om ni forslag for å styrkje innsatsen mot importsmitte.

Administrator
19.01.2021
NPK-NTB: Ap, Frp, Sp og SV er samde om ni forslag mot importsmitte, som styrkt testkapasitet og fjerning av ordninga med å kunne teste seg innan 24 timar.
Partia ber mellom anna regjeringa sørgje for obligatorisk karantenehotell betalt av arbeidsgivarar for arbeidsinnvandrarar dersom arbeidsgivar ikkje kan stille med tilfredsstillande løysingar, og dessutan at det blir innført strenge reaksjonar mot arbeidsgivarar som bryt karantenereglar ved import av arbeidskraft.
Dei ber òg regjeringa fjerne ordninga som opnar for å teste seg i kommunen 24 timar etter framkomst, og ber om at det blir sikra tilstrekkeleg testkapasitet ved lufthamnene slik at testing kan skje på flyplassen ved framkomst.
– Fordi landet vårt har mykje arbeidsinnvandring, har dei fire partia samla seg om fleire forslag. Vi meiner at regjeringa har vore for bakpå, ein har slept beina etter seg etter kvart som smittetala har auka, seier Aps Ingvild Kjerkol.

Frp ville gå lenger

– Eg trur ganske mange i Noreg er provosert over at vi som bur her må leve under ganske strenge restriksjonar, samtidig som dei har registrert at det ikkje er kontroll på grensene og dei som kjem inn i landet, seier Frps Sylvi Listhaug.
Dei fire opposisjonspartia, som har fleirtal på Stortinget, har samla seg om totalt ni tiltak. Listhaug seier Frp ønskte å gå lenger, men ikkje fekk med seg fleirtalet på tiltak som til dømes døgnbemanning av alle grensestasjonar, obligatorisk koronatest ved innreise, at utanlandske koronatestar blir avviste og skjerpingar i innreisereglane.
– Men vi er glade for at vi har samla opposisjonen til ein del forslag som går i riktig retning, seier Listhaug.

Fleire stikkprøver

Kjerkol meiner testplikta som regjeringa innførte 2. januar var eit system fullt av svakheiter og har ført til mange utfordringar for kommunane.
– For å hindre at dette skal bli eit svarteperspel mellom regjeringa og kommunane, har vi samla oss om fleire tiltak for å få desse systema til å flyte betre, seier ho.
Forslaga inneber mellom anna å tilføre kommunane tilstrekkelege ressursar for å auke testkapasiteten.
Partia ber òg om eit betre kontrollsystem for etterleving av testplikt og karanteneplikt med auka bruk av stikkprøver og bruk av bøter.
I tillegg til semja om tiltak mot importsmitte, samla dei fire partia seg måndag kveld om 24 forslag for å forsterke krisetiltaka under pandemien.

Publisert: 19.01.2021 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12