Vil starte baatruter fraa A Alesund til Stad Giske og Langevaag
POSITIV TILRÅING: Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal er positiv til å gi løyve til Cruise Service ved dagleg leiar Torstein Holsvik (bilde). Bak satsinga står også Roger Halsebakk frå Ålesund, Frode Kjølås frå Stranda og Kåre Molvær frå Langevåg.
Nytt

Vil starte båtruter frå Ålesund til Stad, Giske og Langevåg

Cruise Service forsøker alternativ drift som følgje av koronakrisa. Både Møre og Romsdal og Vestland fylker gir positive signal.

Marius Rosbach
04.06.2020
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal skal komande onsdag neste ta stilling til søknad frå Cruise Service om løyve å til nye båtruter.
Firmaet som blei starta i 2018, har hatt bortfall av oppdrag for den vanlege i Ålesund og på Sunnmøre som følgje av koronautbrotet.

No vil dei forsøke å avgrense inntektssvikten og søker om løyve til å segle to båtruter:
  • Ålesund – Fosnavåg – Sandshamn – Åram – Sandvika (Stadlandet)
  • Ålesund – Borgund museum – Devoldfabrikken – Alnes – Giske - Ålesund

Kan vere i gong frå juli

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal stiller seg positiv til søknaden og viser til den vanskelege situasjonen selskapet og reiselivsnæringa i fylket er hamna i.
– Som fylkeskommune finn vi det difor viktig å hegne om desse verksemdene der dette let seg gjere, heiter det i i møtepapira.
Fylkeskommunedirektøren rår at politikarane droppar å krevje at saka skal ut til fråsegn til kommunar og andre instansar, slik at søknaden kan bli behandla på møtet – som er det siste før sommaren. Blir det ja, kan ruta vere i gang frå juli månad.

Vestland også positive

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal har også teke kontakt med Vestland fylkeskommune som har gitt positive signal til at Cruise Service med ruta Ålesund-Stadlandet, legg opp til korrespondanse med hurtigbåten Bergen-Selje.
– Planen vår er å gje eit tilbod til dei som reiser med Norled si rute mellom Bergen og Selje. Vår båt skal gå frå nordsida av Stadlandet, frå Sandvika. Då kan passasjerane reise frå Ålesund og morgonen og vere framme i Bergen utpå ettermiddagen, fortel operasjonssjef og ein av eigarane, Kåre Molvær, til som omtala saka først.
Selskapet planlegg å bruke hurtigbåten Gabriele denne ruta.

Les også:


Planen vår er å gje eit tilbod til dei som reiser med Norled si rute mellom Bergen og Selje

Publisert: 04.06.2020 16:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58