Vil skru opp sommarprisane
SKRU OPP PRISEN: Prising må brukast meier aktivt for å trekkje til seg dei kundane som gir best lønsemd, og til å halde turiststraumen på eit berkraftig nivå. Det er rådet for administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i reiselivsselskapet Fjord Norway - som markedsfører dei fire Vestlandsfylka.
Nytt

Vil skru opp sommarprisane

Geiranger er i ferd med å tape terreng blant dei best betalande turistane. Eit varsko til reiselivsnæringa, meiner Kristian B. Jørgensen i Fjord Norway.

13.05.2017
Geiranger er Noregs mest kjende reisemål, men suksessen er i ferd med å gå ut over potensialet for lønsemd. Det blir for fullt, i følgje Kristian B. Jørgensen. Som leiar for reiselivsselskapet for dei fire Vestlandsfylka ser han allereie at turistflaumen slår negativt ut.
- For dei som er villig til å betale best blir det mindre attraktivt å kome til Geiranger. Det betyr dei som vil bli lengst, brukar mest og set pris oå lokal mat, seier Jørgensen.
Han ser dei same tendensane i Flåm i Sogn, som også er eit svært kjend turistmål. Også Nordfjord kan bli råka av det same om ein ikkje passar på, sa Jørgensen på Næringsdagane 2017 på Hotel Alexandra i Loen torsdag 11. mai.
Dei store byane kan heller ikkje handtere ubegrensa med turistar utan at det mellom anna blir oppfatta som ei belastning for fastbuande og miljøet.

For lite profitt

Jørgensen teikna eit lysande bilete for reiselivsbransjen, og spesielt for fjordfylka, i innlegget på Næringsdagane. Bransjen har hatt stor vekst dei siste åra. Det meste tyder på at veksten skal halde fram, mellom anna takka vere oppsving i besøkande frå Kina.
Men profittutviklinga går ikkje like bra.
- I for stor grad ser vi at vi til trass for veksten ikkje klarer å hente ut vekst i lønsemda, seier Jørgensen.

Må auke prisane

For å få lønsemda opp og belastningane ned må bedriftene i bransjen revurderer prispolitikken sin og bli meir medvetne om kva slags kundar dei ønskjer, slik Jørgensen ser det.
Det vil seie prisauke i høgsesongen.
- Det ville gitt færre turistar inn til Geiranger, men langt høgare omsetning, seier Jørgensen.

Utvide sesongen

Medan prisane må opp i høgsesongen kan dei vere lågare seinhaustes og om vinteren. Då gjeld det å bygge opp marknaden for å etablere Noreg som eit heilårs reisemål. Då kan pris brukast som eitt verkemiddel for å sluse dei som legg mest vekt på låg pris til å kome til Noreg utanom høgsesongen.
Den vurderinga gjeld heile bransjen, ikkje berre einskilde reisemål, slik Jørgensen ser det.

Viktig debatt

Jørgensen reiser ein viktig debatt, meiner Hotel Union-sjef Sindre Mjelva i Geiranger, sjølv om han meiner det berre er eit fåtal dagar i sesongen turistmengda i Geiranger passerer nivået bygda kan handtere.
Mjelva har gått i spissen for å utvide turistsesongen i Geiranger, mellom anna for å spre turiststraumen over ei lengre tidsperiode og skape ei næring som kan gi fleire heilårsarbeidsplassar.
Differensiert prisar er berre eitt av fleire verkemiddel for å nå det målet, og det er uansett ei grense for kor høgt næringa kan prise seg i høgsesongen før det slår negativt ut, meiner han.
For å skape grunnlag for heilårsturisme er Geiranger også avhengig av at storsamfunnet stiller opp, mellom anna ved å sikre trygt heilårssamband på land og sjø.

Lettare å skille

Sjølv om Mjelva alltid har hatt ulik prising i høg- og lågsesong er det no blitt mykje lettare å differensiere mellom reisande, og rette seg mot dei gruppene som betalar best.
Grunnen er at det er blitt fleire turistar. Ny flyruter til Asia har opna den asiatiske marknaden i langt større grad, og med fleire turistar er det og fleire som kan og vil betale for meir kostbare tilbod.
- Noreg som turistdestinasjon har fått mykje større moglegheiter til å differensiere, seier Mjelva.
Men for å utnytte det moglegheita må reiselivsbedriftene ikkje sitt passive og vente på dei godt betalande kundane, men sjølve bygge opp og marknadsføre internasjonalt eit tilbod som forsvarar høgare pris, meiner Mjelva.

Blussa opp i fjor

Marita Lindvik, dagleg leiar i reiselivseselskapet Visit Nordfjord, seier ho er samd med Jørgensen sine vurderinga. Ho arbeider for at turistbransjen i Nordfjord skal skille meir mellom prisane i høg og lågsesong.
No trur ho at bedriftene i Nordfjord er blitt meir opne for å endre prispolitikken.
Debatten om meir ulik prissetting blussa opp etter all omtalen av redningsaksjonane ved fjellformasjonen Trolltunga ved Odda i fjor, seier ho.
Trolltunga dreg til seg tusenvis av turistar og har blitt ein suksess, målt i talet på besøkande. Men ikkje alle som tek den lange fjellturen veit kva dei legg ut på. Konsekvensen blei mange redningsaksjonar, eit utslite lokalt hjelpekors og negativ omtale.



For dei som er villig til å betale best blir det mindre attraktivt å kome til Geiranger

Publisert: 13.05.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09