Vil satse stort paa Vestkapp
VESTKAPP: Kristina Leknesund Myrseth tok sjansen og starta restaurant på Vestkapp. Ho angrar ikkje, og vil no utvide satsinga. 
Nytt

Vil satse stort på Vestkapp

Satsinga på restaurant på Vestkapp har gitt meirsmak for Kristina Leknesund Myrseth. No vil ho satse meir, mykje meir.

22.06.2019
- Ja, målet er å få eit mykje større og breiare tilbod enn det vi har i dag.
- I tillegg ønskjer vi å byggje overnatting på Vestkapp, gjerne i små bueiningar som fell inn i naturen.
31-åringen har drive Vestkapp restaurant i eitt år.
- Det var ei dristig satsing, men det har gått svært bra.

Mykje besøk

Ho seier at spesielt søndagane har det vore mykje besøk.
- Ja, då har det ofte vore for lite med dei 45 sitjeplassane vi har.
Leknesund Myrseth er sjølv utdanna kokk, og har blant anna jobba på Hotel Neptun i Bergen og på ei fjellstove. Ho er sjølv frå Selje, men lengta heim.
- Heldigvis fekk eg med meg sambuaren min til å flytte til Selje, men det var lite jobbtilbod. Dermed var det å byggje opp noko sjølv.

Opplevingssenter

Dermed vart det på ny aktivitet i restauranten ute på Stadplatået, i ei bygning som fekk store skader under orkanen Dagmar.
- Vi har altfor liten plass i dag, så vi tenker å byggje nytt etter kvart.
Ho har fått med seg investorar, som har kjøpt den sju mål store tomta, og aktørane bak nytt hotell i Selje har også planar for Vestkapp.
- Her kjem det til å skje mykje spennande framover, seier Leknesund Myrseth.
- Den store planen er å lage eit nasjonalt opplevingssenter.

Vegproblem

Den smale og svingete vegen opp til Stadplatået er ei utfordring, spesielt om vinterstid.
Seinast sist søndag hamna ein tysk campingbil i grøfta.
- Her håper vi at det vert ei løysing slik at vi kan halde ope heile året. I fjor måtte vi stenge midt på vinteren.
I restauranten vert det satsa på lokale råvarer og heimelaga mat.
- Dette set folk pris på, og det kjem folk langvegs frå for å ta søndagsmiddagen her. Det er inspirerande, seier Kristina Leknesund Myrseth.
Den store planen er å lage eit nasjonalt opplevingssenter

Publisert: 22.06.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36