Vil satse meir paa filter
GJERDSVIKA: Dagleg leiar Bjørnar Kleiven i John Gjerde AS forventar betre resultat for Gjerdsvik-selskapet framover.
Nytt

Vil satse meir på filter

Ventilprodusenten John Gjerde i Gjerdsvika satsar no også på produksjon av spesialtilpassa filter.

22.08.2019
- Vi har nettopp fått ein stor ordre på leveransar av sjøvassfilter, og vi vil snart lansere nye produkt.
Det seier dagleg leiar Bjørnar Kleiven ved Gjerdsvik-bedrifta.
Hittil har bedrifta i stor grad satsa på leveransar av sine G-ventilar og Hide-ventilar.

Spesialtilpassa løysingar

Ventilane vert leverte i eit spekter frå 40 millimeter til 600 millimeter.
- Dette held vi fram med for fullt, men vi ønskjer å ha litt fleire bein å stå på og er i ferd med å auke breidda i produktspekteret vårt, seier Kleiven.
Han opplyser at selskapet satsar på spesialtilpassa filter utfrå kundane sine ønskjer og behov.
- Blant anna tilbyr vi spesialtilpassa løysingar for å forhindre korrosjon og erosjon, seier Kleiven.

Frå minus til pluss i Latvia

Produksjonen skjer i stor grad ved dotterselskapet i Saldus i Latvia. Her gjekk bedrifta med 1,6 millionar kroner i minus på drifta i fjor.
- 2018 vart eit tyngre år enn forventa. I Saldus hadde vi litt redusert aktivitet, i tillegg til at vi tok ei opprydding i varelageret.
- Første halvår 2019 går drifta i Saldus i pluss, seier Kleiven.

Fleire tilsette

Totalt er det 15 tilsette i Saldus, medan det er ni tilsette i Gjerdsvika.
- Vi har auka med tre tilsette i Gjerdsvika i løpet av det siste året. Vi har styrka oss både på sal og teknisk, seier Kleiven.
Selskapet har som mange andre merka offshorenedturen ettersom mykje av leveransane gjekk til offshoreindustrien tidlegare.
- Vi har hatt eit par tøffe år, men no ser det langt lysare ut, seier Kleiven.
Han eig sjølv 30 prosent av selskapet. Det same eig Maron Sandvik, medan Roger Gjerde er største aksjonær med 40 prosent av aksjane.
Vi har hatt eit par tøffe år, men no ser det langt lysare ut

Publisert: 22.08.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38