Vil satse meir i Argentina
SATSAR: Webjørn Eikrem og Finn Arne Lorentsen gjer det godt på fiske i Argentina. No vil dei satse meir, og vurderer å byggje ein serie med nye rekebåtar. Det kan vere godt nytt for norske verft og designselskap.
Nytt

Vil satse meir i Argentina

Ocean Harvest vurderer å satse på rekefiske i Argentina. Då er nybygg mest aktuelt.

12.06.2019
- Vi har teikningane klare. Vi har også henta inn pristilbod, men vi ventar litt med å ta den endelege avgjersla.
Det seier styreleiar og hovedaksjonær Webjørn Eikrem i fiskeriselskapet, som saman med sine partnarar hittil har satsa stort på fiske etter tannfisk på argentinske lisensar.

Kjempereker

Men no vil også den utflytta vanylvingen inn på den raskt veksande marknaden for argentinske villreker, såkalla ‘red shrimps’, som er svært ettertrakta.
Dette er ei stor reke, nesten på størrelse med kreps, og med ein smak som grønlandsreker.
I dag deltar rundt 250 argentinske rekebåtar i fiskeriet, men dei fleste av båtane er både små og eldre.
- Kjøper vi eit reiarlag med fleire båtar er båtane truleg 40 år gamle. Så ja, vi må byggje nye for å erstatte dei gamle. Dette gjer reknestykket noko meir komplisert, seier Eikrem.

- Store mulegheiter for norske verft

Han viser til at den argentinske fiskeriflåten er aldrande og mange båtar er over 50 år.
- Derfor må det bli ei fornying i fiskeriflåten som vi gjerne blir med på.
- Myndigheitene har dette som eit satsingsområde, men den argentinske verftsindustrien er gamal og umoderne og slett ikkje egna til å byggje moderne fiskebåtar.
- Her kan det vere store muligheiter for norske verft og designarar, seier Eikrem.

Store avgrensingar

Han fortel at i Argentina er det eit sterkt kontrollert regime på kor store fiskebåtane kan vere og kor stor kapasitet dei kan ha.
- For eksempel kan ikke rekebåtar som frys om bord vere lenger enn 40 meter.
- For fersk reke er grensa maks 25 meter. I tillegg skal forpakningar av frosen reke ikkje vere over 2 kilo og ein kan ikkje fiske om natta, og alle må i tlillegg vere 'bomtrålarar'.
Sjølv om det er mykje å forhalde seg til, fanga argentinske fiskarar i fjor over 230.000 tonn med reker.

Mange vil selje

Nyleg tok Ocean Harvest over driftsansvaret for to argentinske kvitfisktrålarar. Den eine produserer surimi av hoki og southern blue whiting medan den andre produserer filet av hoki.
- Det var eigarane som kom til oss, seier Eikrem.
Han opplyser at det har kome fleire tilbod om å kjøpe reiarlag.
- Dette er selskap som gjerne har flere båtar.

Avventar valresultatet

Men i staden for å satse på gamalt, ønskjer Eikrem etter kvart å byggje nytt.
På teiknebrettet er også ein linebåt, som skal fiske på argentinske lisensar.
- Vi har ei rekkje planar, men vi avventar resultatet av parlaments- guvernør- og presidentvalet 27. oktober.
- Her kan det kome inn heilt nye politikarar og det er disse vi må forhalde oss til framover.
Det argentinske rekefisket foregår på sandbotn utanfor kysten på maksimalt 40 meter djupne.
Mesteparten av eksporten går til USA.
Her kan det vere store muligheiter for norske verft og designarar

Publisert: 12.06.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35