Vil kutte prisane ogsaa paa fylkesferjer
Nytt

Vil kutte prisane – også på fylkesferjer

Stortinget kutter prisen på riksferjene og leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal vil gjere det same på fylkesferjene.

31.03.2020
(NPK-NETT.NO) Prisane på riksvegferjene blir kutta som ein del av krisepakka Stortinget gjekk inn for tysdag.
Stortinget vedtok å kutte ferjetakstane med 20 prosent og redusere innbetalinga på autopass-kortet med to tredelar. Samstundes kjem dei med ein krisepakke på om lag 1 milliard kroner til norsk kollektivtrafikk.
Det vart klart då Stortinget tysdag la fram ein ny krisepakke i samband med koronakrisa.

Sørheim vil kutte

Samtidig seier Kristin Sørheim (Sp) som leiar samferdsleutvalet i Møre og Romsdal at dei vil gjere det same, melder .
– Å gå ned 20 prosent på fylkesvegferjene meiner vi er ei god løysing. Du kan seie at vi då reduserer prisane med om lag same pris som ein går opp med Autopass, seier ho til avisa.
Prisane på riksvegferjene blir sett ned allereie onsdag. Det er ikkje klart når prisane på fylkesferjene blir sett ned. Priskutta er førebelse og vil bli sett opp att etter koronakrisa.

Innstilte avgangar

Frå måndag denne veka blei fire ferje teke ut av rutene sine, fordi trafikken på sambanda har fått kraftig ned.
Det gjeld C-ferja på Hareid-Sulesund, B-ferja på Mageholm-Sykkylven, B-ferja på Sølsnes-Åfarnes og B-ferja på Seivika–Tømmervåg. Det betyr at desse avgangane blir innstilt, melder fylkeskommunen på sine .
Inntektene til fylkeskommunen på ferje og kollektivtrafikk, etter at dei omfattande koronatiltaka blei innført i midten av mars.

Publisert: 31.03.2020 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55