Vil ikkje ta ein einaste fisk fraa havfiskeflaaten
ÅLESUND: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik under Ombordproduksjonskonferansen i Ålesund torsdag.
Nytt

Vil ikkje ta ein einaste fisk frå havfiskeflåten

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik roar ned alle som fryktar at det skal omfordelast ressursar frå havfiskeflåten til andre flåtegrupper.

10.01.2019

- Eg aksepterer ikkje den debatten som seier at ein må ta fra havfiskeflåten og overføre til andre grupper.

- Eg aksepterer ikkje omfordeling mellom flåtegrupper. Frå mi blir det ikkje fremma eit einaste forslag om omfordeling mellom flåtegrupper.

Det fastslo Nesvik under Ombordproduksjonskonferansen i Ålesund torsdag, ein konferanse i regi av Norges Sjømatråd, Fiskebåt og Nordea.

- Vi treng variasjon

På plass var 260 i salen.

- Vi treng ein variert flåtestruktur. Vi treng havfiskeflåten, vi treng sjarkflåten, vi treng stor og liten.

- Vi treng variasjon. Vi treng alle, sa Nesvik.

Nesvik viste til verdien av norsk fiskerinæring, som i fjor eksportere for nær 100 milliardar kroner.

- Vi eksporterer til 146 land over heile verda. Vi eksporterer 37 millioner måltid kvar dag. Dette skal vi halde fram med, og då treng vi alle, sa Nesvik.

- Ingen ekstra fisk til EU/UK

Han var uroleg for Brexit-konsekvensane, og fastslo at EØS-avtalen var svært viktig å verne om.

Men han fastslo også at det i dei pågåande diskusjonane mellom EU og Storbritannia var det uaktuelt for Norge å bidra ved å gi frå seg kvotar.

- Nei, dette får UK og EU ordne opp i sjølve.

Oppfordra til klyngesamarbeid

Nesvik oppmoda aktørane i salen om å samarbeide endå tettare.

- Det kjem nye krav, både innanfor klima, miljø og berekraft, og det må vi forhalde oss til.

- Vi har ei god maritim klynge. Dette må utnyttast gjennom samarbeid i klynga slik at vi kan kome oss vidare.

Nesvik slo også ettertrykkeleg fast at han ikkje aksepterte fiskerikriminalitet.

- Og så må vi ta vare på heile fisken. Det må verte slutt på at vi ikkje utnyttar heile dette viktige råstoffet.

Vi treng ein variert flåtestruktur. Vi treng havfiskeflåten, vi treng sjarkflåten, vi treng stor og liten

Publisert: 10.01.2019 10:42

Sist oppdatert: 18.03.2021 08:33