Vil ikkje legge ned skular haapar paa ferjehjelp
TRENG MEIR TID: Fylkesordførar Tove Lise Torve seier tida til no har vore for knapp til å kome i mål med kva for konkrete kutt dei vil gå inn for i fylkesutvalet.
Nytt

Vil ikkje legge ned skular – håpar på ferjehjelp

– Skulane er også viktige arbeidsplassar og utviklingsaktørar, seier fylkesordføraren - men treng meir tid for å finne fram til kvar kutta skal kome. 

Marius Rosbach
12.11.2019
Måndag vedtok fylkespolitikarane mellom anna at dei vil skjerme yrkesfag, men at ferjereisande må bu seg på å betale meir for reisa.
Fylkesrådmannen har kome med forslag til korleis økonomien kan betrast med 112 millionar, i tråd med kva politikarane har gitt av rammer tidlegare. Gjennom møta i hovudutvala har politikarane peika ut ei retning for kvar kutta i fylkesøkonomien vil kome, men mykje er framleis uklart.

– Viktige arbeidsplassar

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) er iallfall klar på ein ting: Fleirtalet vil ikkje legge ned vidaregåande skuler, slik både ungdomspanelet har foreslått – og Høgre tok til orde for i møte måndag.
– Vi meiner det er viktig at elevane har ein nærskule. Skulane er også viktige arbeidsplassar og utviklingsaktørar i sine kommunar og regionane rundt, påpeiker ho til NETT NO.

Les også:


Analyse:


Torve seier tida til no har vore for knapp til å kome i mål med kva for konkrete kutt dei vil gå inn for i fylkesutvalet 25. og 26. november.
– Vi som er i posisjon vil snakka saman, men vi har gitt signal om at vi vil sjå på praktisk estetiske fag og yrkesfaga, og forsøke finne løysingar som ikkje råkar dei så hardt. Vi må ta dei økonomiske kutta som må til, men vil forsøke å ikkje ramme enkeltskular for hardt, seier ho.

Håpar på ferjehjelp

Fylkespolitikarane har meiner overføringane frå staten er for låge ut frå ferjetilbodet i fylket.
Sjølv om det ikkje kom meir pengar til ferje i avtalen om neste års statsbudsjett som regjeringspartia gjekk ut med tysdag, har ikkje Torve mista håper om at fylket skal bli høyrt.
– Utover hausten trur eg vi vil sjå at politikarar som tidlegare ikkje har vist forståing for ferjeproblematikken, vil sjå dette. Fylkeskommunane har vore lojale mot politiske vedtak og gått over til nullutsleppsferjer og lågutsleppsteknologi, men kostnadene er ikkje kompensert for frå staten, seier Torve.
Ho peikar på at utfordringane også er store i Vestland fylke og lengre nord langs kysten.

Les også:



Vvil ha meir informasjon

Leiar Kristin Sørheim (Sp) i samferdsleutvalet fortel til NETT NO at drifta av ferjene i Møre og Romsdal etter deira meining er underdekka med minst 180 millionar, om dagens drift skal vidareførast.
No ligg det an både til auke i betalinga og reduksjon på drifta på buss, ferje og hurtigbåt. Utvalet bad i vedtaket om ei meir konkret vurdering av tiltaka i kuttlista, og meiner det er meir å hente på vegvedlikehald og organisering av vegprosjekt.
– Vi har sett på andre måtar å gjere kutt på for 18-20 millionar årleg. Det viser at det er rom for å gjere andre tiltak, seier Sørheim.

Les om forslaget frå fylkesrådmannen

:

Publisert: 12.11.2019 16:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44