Vil hente meir fraa EU
MEIR Å HENTE: EU sine program for forsking- og utvikling er langt større enn dei norske. Heidi Nakken er rådgivar i EU og arbeider med å å hjelpe bedrifter som vil vere med på EU-programma.
Nytt

Vil hente meir frå EU

Næringslivet på Nordvestlandet utnyttar ikkje godt nok sjansen til å hente forsking- og utviklingsmidlar frå EU.

14.10.2019
- Det er forholdsvis lite EU-midlar som er henta ut i høve til potensialet, seier EU-rådgivar Heidi Nakken i ÅKP.
Forsking- og utviklingsprogrammet som EU har gåande no, Horizon 2020, har 800 milliardar kroner i potten. I dei nye programma som tar over frå 2021, Horizon Europe, er det 1000 milliardar kroner.
Torsdag 17. oktober (Fosnavåg) og onsdag 23. oktober (Ulsteinvik) møter Nakken næringslivet på søre Sunnmøre for å presentere programma og diskutere korleis fleire bedrifter på Nordvestlandet kan koble seg på.

Samarbeidsarrangement

Målet er at bedrifter som har ting på gong, eller om som har tankar om prosjekt som kan vere interessante på europeisk nivå skal melde seg på. Dette gjeld også om ein berre er nysgjerrig på kva moglegheiter som ligg i EU-programma, skriv Mafoss i ei pressemelding.
Arrangementa er eit samarbeid der Mafoss er arrangør saman med klyngeorganisasjonane GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea.

54 millionar til Nordvestlandet

Ei oversikt Forskingsrådet laga for NETT NO sommaren 2018 viser at ti selskap og organisasjonar i Møre og Romsdal har fått i alt 54 millionar kroner i EU-støtte til forsking og innovasjon.
Dåverande Rolls-Royce Marine - no Kongsberg Martime CM - er den klart største deltakarane frå Nordvestlandet i EU sitt forsking- og innovasjonsprogram Horisont 2020.

I førarsetet

Jets sitt innovasjonsselskap, Ecomotive, er partnar i eit Horisont 2020-program som handlar om å sortere og redusere kloakkutslepp.
Ecomotive-sjef Ottar Håkonshom seier partnarskapen er krevande, men gir Jets sjansen til å vere leiande på sitt felt, i staden for å risikere å vere ei bedrift som må ta etter konkurrentane.

Publisert: 14.10.2019 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41