Vil halde drifta i gong paa Kleven
TO OPPDRAG: Det er to pågåande oppdrag ved Kleven Verft for tida, som bustyrar Bjørn Åge Hamre (innfelt) vil finne ei løysing for å få ferdigstilt. 
Nytt

Vil halde drifta i gong på Kleven

Bustyraren påpeiker at det er betre med litt, enn ingen drift, ved verftet.

Marius Rosbach
06.07.2020
Bustyrar Bjørn Åge Hamre og medarbeidarane hans held fram med møter på Kleven utover ettermiddagen måndag.
Då Hamre kom til verftet tidlegare måndag, kunne han som skal vere interessert i å kome inn som nye eigarar. Han påpeika at det ikkje har vore noko djupare samtaler, men dei har «noko å jobbe utifrå».

Les også:


Bustyraren rekna likevel ikkje med at det blei møter med desse aktørane allereie måndag. Først var det fleire andre møter som stod på timeplanen.
– No skal vi legge ein kortsiktig plan, og ein langsiktig plan, legg han til.

Betre med noko drift

I tillegg til å jobbe for å finne nye eigarar, er det dei pågåande oppdraga ved verftet som har høg prioritet. Det er snakk om eit offshoreskip – som , og nye .
– Vi har eit betre utgangspunkt om det er noko drift ved verftet, enn om alt stoppar opp, seier Hamre.

– Treng avklaringar

Då Hamre kom, blei han teke i mot av HR-direktør Magne Gurskevik i Kleven. Saman med andre nøkkelpersonar vil bustyraren først skaffe seg oversikt over verksemda.
– Vi treng avklaringar, ikkje minst i denne mellomperioden fram til det kjem ei endeleg avklaring. Det er eit spørsmål om kor lenge vi er i stand til å ha aktivitet, og samstundes er det viktig at forholda ved verftet ikkje blir forringa, seier Hamre.
Han kunne heller ikkje seie noko meir om kor mykje gjeld det er i selskapa. Det er tidlegare opplyst å vere 300 millionar, men bustyraren har ikkje undersøkt dette nærare. Det er framleis for tidleg i prosessen til at det blir gjort verdivurderingar kring eigedomane og produksjonsutstyret på verftet.

Kring 430 tilsette råka

Kring 430 tilsette i Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting (KMC) og Kleven Maritime Technology er råka av konkursen. Dei har førebels fått beskjed om å gå på jobb som vanleg.
Drygt 200 tilsette i KMC har ikkje fått feriepengar og løn siste månaden. Mange av desse er i ein spesielt vanskeleg situasjon.
– Vi jobbar intenst med å få svar kring dette. No ventar vi på bustyrar for å få avklart ein del ting, seier HR-direktør Gurskevik i ein kort kommentar til NETT NO før han møtte bustyraren.

Alt om Kleven-dramaet:



Analyse:




Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Vi har eit betre utgangspunkt om det er noko drift ved verftet, enn om alt stoppar opp

Publisert: 06.07.2020 17:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59